2. Kongebok 23 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Kong Josjia reinsar gudsdyrkinga

1Då sende kongen bod etter alle dei eldste i Juda og Jerusalem, og dei samla seg hjå han.

3Så steig kongen fram til søyla og gjorde ei pakt for Herrens åsyn: Folket skulle fylgja Herren og halda hans bod, lovbod og føresegner av heile sitt hjarta og heile sin hug. Alle dei paktord som var skrivne i denne boka, skulle dei halda. Og heile folket gjekk med i pakta.

4Sidan baud kongen overpresten Hilkia, dei prestane som var nest etter han, og dørvaktarane at dei skulle ha bort frå Herrens tempel alle dei tinga som var laga for Ba'al og Asjera og heile himmelhæren. Han brende dei utanfor Jerusalem, i Kedron-bakkane, og oska tok han med til Betel.

8Så flytte Josjia alle prestane inn frå byane i Juda. Haugane der dei hadde ofra, gjorde han ureine, heilt frå Geba til Be'er-Sjeba. Han reiv òg ned haugane der dei hadde dyrka vonde ånder, dei haugane som låg utmed porten åt Josva, byhovdingen, til venstre når ein går inn gjennom hovudporten.

9Dei som hadde vore prestar på haugane, fekk ikkje bera fram offer på Herrens altar i Jerusalem. Men dei fekk eta usyrt brød saman med brørne sine.

10Josjia gjorde Tofet i Hinnom-dalen ureint. Ingen skulle la son sin eller dotter si gå gjennom elden for Molok.

11Han fekk bort dei hestane som Juda-kongane hadde vigsla til sola; dei stod attmed inngangen til Herrens hus, ikkje langt frå det romet som hoffmannen Natan-Melek hadde ut mot føregarden. Og solvognene brende han.

12Kongen reiv ned altara som stod på taket over høgsalen åt Akas, dei som Juda-kongane hadde reist. Det same gjorde han med dei altara som Manasse hadde bygt i begge føregardane til Herrens hus. Han slo dei sund på staden og kasta støvet ned i Kedron-dalen.

14Josjia slo sund steinstøttene og hogg ned Asjera-pålane. Staden der dei hadde stått, fylte han med menneskebein.

15I Betel reiv han ned altaret og offerhaugen som Jeroboam Nebatsson hadde bygt, han som fekk Israel til å synda. Både altaret og haugen vart jamna med jorda. Så knuste han steinane til støv og brende Asjera-pålen.

21Sidan gav kongen heile folket denne føresegna: «Hald påske for Herren dykkar Gud, så som det står skrive i denne paktboka!» Kongane Joakas og Jojakim

31Joakas var tjuetre år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tre månader. Mor hans heitte Hamutal og var dotter til Jeremia frå Libna.

35Jojakim betalte sølvet og gullet til farao. Men han laut leggja ein skatt på landet, så han kunne greia den summen farao kravde. Han dreiv inn sølvet og gullet hjå folket i landet alt etter som kvar var ilikna, og gav det så til farao Neko. 15,20

36Jojakim var tjuefem år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i elleve år. Mor hans heitte Sebuda og var dotter til Pedaja frå Ruma. 2 Krøn 36,5ff

37Jojakim gjorde det som vondt var i Herrens augo, heilt og fullt som fedrane hans hadde gjort.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help