Job 39 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Kven syter for dyra?

1Går du på rov for løvinna,

gjev du svoltne løveungar mat,

2når dei dukkar seg ned i holene sine

eller ligg på lur i krattet?

3Kven syter for føde til ramnen

når ungane hans skrik til Gud

og flaksar ikring utan mat?

4Kjenner du tida når steingeita kjear,

aktar du på når hindene har rier?

5Tel du månadene til dei skal bera,

kjenner du tida når dei skal føda?

6Dei bøyer seg ned og får sine ungar;

så er dei ferdige med sine rier.

7Ungane veks seg store og sterke utpå marka,

så spring dei bort og kjem ikkje att.

8Kven lèt villeselet renna fritt,

kven har løyst det frå alle band?

9Eg gav det moane til hus

og den salte øydemarka til bustad.

10Det ler åt den ståkande byen,

det høyrer ingen drivar som ropar og skjenner.

11Det speidar etter beite i fjella

og leitar opp kvart grøne strå.

12Har villoksen hug til å tena deg,

vil han stå ved di krubbe heile natta?

13Kan du binda han med reip, så han held seg i fòra,

vil han horva for deg i dalane?

14Kan du lita på han fordi han er sterk,

torer du overlata di avling til han?

15Trur du han køyrer grøda heim

og samlar henne på din treskjevoll?

16Strutsehoa slår lystig med vengene,

men flyg ikkje som storken med sin fjørham.

17Ho legg sine egg på marka,

lèt sanden halda dei varme.

18Ho gløymer at ein fot kan krasa dei,

at villdyra på marka kan trø dei sund.

19Hardt fer ho fram med ungane sine

som om dei ikkje var hennar eigne.

Ho lèt seg ikkje tyngja av sut

for at strevet hennar skal vera fåfengt.

20For Gud har ikkje gjort henne klok,

og han har ikkje gjeve henne vit.

21Men når ho flaksar opp i veret,

skrattar ho åt hest og ryttar.

22Er det du som gjev hesten styrke

og pryder halsen hans med faks?

23Lèt du han springa som grashoppa?

Når han frøser stolt, står det age av han.

24Han skrapar i marka, yr av glede,

så fer han fram mot ein væpna flokk.

25Han er ikkje redd for noko som skræmer,

og snur ikkje når han møter sverd.

26Over han skramlar pilehuset,

det blinkar i sverd og kastespyd.

27Han fer av stad i dundrande tan,

og stoggar ikkje når hornet ljomar.

28Han kneggjar høgt når hornet læt.

Han vêrar striden langan lei,

bydande rop og hærskrik.

29Er det ditt vit som gjer

at falken svingar seg opp,

spilar vengene og flyg mot sør?

30Er det på ditt bod at ørna stig

og byggjer seg reir i høge fjellet?

31Ho bur på berget og har si livd

på kvasse tind, i bratte nut.

32Der speidar ho etter mat,

augo skodar vidt ikring.

33Hennar ungar slurpar i seg blod,

og der det finst eit åtsel, der er ho. Tvilar du på mi rettferd?

34Herren heldt fram med å tala til Job og sa:

35«Du som klagar på Den Allmektige,

vil du føra sak med han?

Du som lastar Gud, må svara.»

36Då svara Job Herren og sa:

37«Nei, til det er eg for liten.

Kva skulle eg vel svara deg?

Eg legg mi hand på munnen.

38Ein gong har eg tala

og tek ikkje meir til ords,

to gonger har eg tala

og seier ikkje meir.»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help