Ordtaka 16 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Lat Herren ta seg av alt ditt verk!

1Mennesket legg planar,

men ordet på tunga kjem frå Herren.

2Ein mann kan synast at hans ferd er rein,

men Herren prøver menneskeånda.

3Lat Herren ta seg av alt ditt verk,

så skal planane dine lukkast.

4Alt det Herren har skapt, har eit føremål,

gudløysings lagnad er ulukkedagen.

5Kvar hovmodig mann er ein styggedom for Herren.

Ver trygg, han slepp ikkje straff!

6Med miskunn og truskap vert synda sona,

den som har age for Herren, held seg frå det vonde.

7Har Herren hugnad i ein manns ferd,

lèt han jamvel hans fiendar halda fred med han.

8Betre er lite med rettferd

enn stor vinning med urett.

9I hjarta tenkjer mannen ut si ferd,

men Herren styrer hans steg.

10Det er kongens ord som avgjer ei sak,

han tek ikkje feil når han dømer.

11Rett vekt og vektskål krev Herren,

og alle vektlodd vedkjem han.

12Nidingsdåd er ein styggedom for kongar,

rettferd tryggjer trona.

13Kongen likar rettferdige lipper,

han elskar den som talar rett.

14Kongens harme ber bod om død,

men ein vismann kan stilla harmen.

15Når kongens andlet lyser, er livet berga.

Hans velvilje er som ei sky med vårregn.

16Å vinna visdom er betre enn gull,

å få vit er meir verdt enn sølv.

17Den kongsveg dei ærlege går, er å vika frå det vonde,

den som aktar på si ferd, tek vare på livet.

18Stormod fører til undergang,

hovmod står for fall.

19Betre å vera audmjuk med armingar

enn å dela hærfang med dei stolte.

20Den som aktar på ordet, finn lukke,

sæl er den som lit på Herren.

21Klok kallar dei den som har visdom i hjarta,

veltalande ord aukar eins lærdom.

22Den som har skjøn, har ei kjelde til liv,

dårskap er den lærdom dårar får.

23Visdom i hjarta gjev klokskap i tale,

ein får meir og meir kunnskap å bera fram.

24Milde ord er som drypande honning,

søte for sjela og sunne for kroppen.

25Om mannen meiner at vegen er rett,

kan han likevel enda i døden.

26Svolten får mannen til å arbeida,

mathugen driv han fram.

27Nidingen grev ei ulukkegrav,

det brenn som eld på hans lipper.

28Ein renkesmed skaper strid,

den som baktalar andre, skil ven frå ven.

29Valdsmannen lokkar sin neste

og fører han inn på ein farleg veg.

30Når ein mann knip augo i hop,

tenkjer han på svikefull gjerning;

og når han pressar lippene saman,

set han ulukka i verk.

31Grått hår er ein fager krans,

på rettferds veg vert han vunnen.

32Ein visleg mann er betre enn ei kjempe;

den som styrer sin hug,

er betre enn den som tek ein by.

33Dei rister terningen i fanget,

men avgjersla kjem alltid frå Herren.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help