Jeremia 15 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Inga medkjensle med folket

1Herren sa til meg: Om så Moses og Samuel steig fram for meg, ville eg ikkje ha medkjensle med dette folket. Send dei bort frå meg, lat dei fara!

Til døden med dei som er etla til å døy,

lat sverdet råka dei som skal falla for sverd,

og svolt dei som skal svelta i hel,

i fangenskap med dei som skal takast til fange!

3På fire måtar vil eg straffa dei, lyder ordet frå Herren: Med sverd til å drepa, med hundar til å slepa bort, med fuglane under himmelen og dyra på marka til å eta og øyda.

5Ja, kven tykkjer synd i deg, Jerusalem,

kven syner medkjensle med deg?

Kven tek av frå vegen og spør

korleis det står til med deg?

6Du støytte meg frå deg, lyder ordet frå Herren,

og snudde ryggen til.

Difor rette eg handa ut

og ville gjera ende på deg;

eg var trøytt av å ynkast.

7Med kasteskuffel spreidde eg dei

kringom i byane i landet.

Barnlaust gjorde eg folket mitt

og lét det gå til grunne,

for det vende ikkje om frå si vonde ferd.

8Det vart fleire enkjer hjå dei

enn det er sandkorn ved havet.

Eg sende mot dei unge stridsmenn

som herja midt på ljose dagen.

Brått lét eg skakande redsle koma over dei.

9Jamvel ho som var mor til sju born,

visna bort og seig maktlaus om.

Hennar sol gjekk ned medan det endå var dag,

ho vart til spott og skam.

Dei som er att av folket,

gjev eg over til sverdet

for augo på deira fiendar,

lyder ordet frå Herren. Profetens kall og liding

10Ve meg, mor mi, at du fødde meg,

ein mann som alle her i landet

ligg i strid og trette med.

Eg skuldar ingen noko,

og ingen står i gjeld til meg;

endå forbannar dei meg alle.

11Sanneleg, sa Herren, eg vil fria deg ut,

så det kan gå deg godt.

Eg lèt fienden naudbe deg

når han kjem i naud og trengsle.

12Kan ein bryta sund jern,

jern frå Norden, og bronse?

13Din rikdom og dine skattar

gjev eg til plyndring

– ikkje for betaling, men til straff

for alt du har synda i heile ditt land.

14Eg lèt deg træla for dine fiendar

i eit land du ikkje kjenner.

For vreiden min logar som eld,

mot dykk er han kveikt.

15Du veit det, Herre.

Kom meg i hug og ta deg av meg!

Lat meg få hemn over dei som forfylgjer meg!

Ver ikkje så langmodig mot dei

at du riv meg bort.

Sjå kor eg vert spotta for di skuld!

16Eg fann dine ord og åt dei,

dei var til hugnad for meg.

Og det var ei glede for mitt hjarta

at ditt namn er nemnt over meg,

Herre, Allhærs Gud.

17Aldri sat eg og moroa meg

i lag med skjemtande menner.

Einsam sat eg, gripen av di hand;

for du fylte meg med harme.

18Kvifor er mi liding utan ende

og såret mitt ulækjande?

Det vil ikkje gro.

Du har vorte for meg som ein sviktande bekk,

som vatn ein ikkje kan lita på.

19Då svara Herren:

Dersom du vender om,

vil eg la deg koma att

og stå for mitt åsyn.

Er det du talar, gjævt og godt

og ikkje verdilause ord,

så skal du vera som min munn.

Då skal folket venda seg til deg,

men du skal ikkje venda deg til dei.

20Mot dette folket gjer eg deg

til ein festningsmur av bronse.

Dei skal strida mot deg,

men ikkje vinna.

For eg er med deg,

eg vil frelsa deg og fria deg ut,

lyder ordet frå Herren.

21Eg vil berga deg or hendene på dei vonde

og fria deg or nevane på valdsmenn.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help