Lukas 12 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Modig vedkjenning(Matt 10,26–33; 12,32; 10,19–20)

1Imedan hadde folket samla seg i tusental, så dei heldt på å trø kvarandre ned. Då tok Jesus til å tala, og han vende seg fyrst til læresveinane:

Ta dykk i vare for surdeigen åt farisearane, hyklarskapen!

8Det seier eg dykk: Kvar den som kjennest ved meg for menneska, han skal òg Menneskesonen kjennast ved for Guds englar.

9Men den som fornektar meg for menneska, han skal òg fornektast for Guds englar. Den rike bonden

13Ein i folkehopen sa til han: «Meister, sei til bror min at han skal skifta arven med meg!»

14Men Jesus svara: «Ven, kven har sett meg til å døma eller skifta mellom dykk?»

15Så sa han til dei alle: «Ta dykk i vare for all havesykje! For det er ikkje det du eig, som gjev deg livet, om du har aldri så mykje.»

21Såleis går det med den som samlar seg skattar og ikkje er rik i Gud.

Syt ikkje!(Matt 6,20–21.25–33)

22Difor seier eg dykk, sa han til læresveinane:

Syt ikkje for livet, kva de skal eta, eller for kroppen, kva de skal kle dykk med.

33Sel det de eig, og gjev pengane til dei fattige. Få dykk pungar som ikkje kan slitast ut, ein uforgjengeleg skatt i himmelen, der tjuvar ikkje kjem til, og mòl ikkje øyder.

41Då spurde Peter: «Herre, seier du denne likninga berre til oss, eller er ho for alle?»

42Herren svara:

Kven er den trugne og kloke hushaldaren, den som husbonden set over tenestfolket sitt, så han kan gje dei mat i rett tid? Tidarteikna(Matt 16,2–3; 5,25–26)

54Til folket òg sa han:

Når de ser at det skyar til i vest, seier de straks: «No kjem det regn,» og det går så.

55Og når de merkar at det blæs frå sør, seier de: «No vert det varmt,» og det går så.

56Hyklarar! Det de ser på jorda og himmelen, veit de å tyda; kvifor kan de då ikkje tyda denne tida?

57Og kvifor dømer de ikkje ut frå dykk sjølve om kva som er rett?

58Når du går til domstolen med motparten din, gjer deg då umak så de kan verta samde medan de enno er på vegen. Elles dreg han deg for domaren, og domaren sender deg til vaktaren, og vaktaren set deg i fengsel.

59Eg seier deg: Du slepp ikkje ut att før du har betalt til siste øre.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help