1Då Jesus hadde sagt dette, såg han opp mot himmelen og sa:
Far, timen er komen. Herleggjer Son din, så Sonen kan herleggjera deg.
6Eg har openberra ditt namn for dei menneske du gav meg av verda. Dei var dine, og du gav meg dei, og dei har halde fast på ordet ditt.
9Eg bed for dei. Eg bed ikkje for verda, men for dei som du har gjeve meg; for dei er dine.
10Alt mitt er ditt, og ditt er mitt, og eg er herleggjord gjennom dei.
18Som du har sendt meg til verda, har eg sendt dei til verda.
20Eg bed ikkje berre for desse, men for alle dei som gjennom deira ord kjem til å tru på meg.
21Eg bed at dei alle må vera eitt, liksom du, Far, er i meg og eg i deg. Slik skal dei òg vera i oss, så verda skal tru at du har sendt meg. 10,38+; Gal 3,28
22Eg har gjeve dei den herlegdomen du har gjeve meg, så dei skal vera eitt liksom vi er eitt:
23eg i dei og du i meg, så dei heilt og fullt kan vera eitt. Då skal verda skjøna at du har sendt meg, og at du har elska dei liksom du har elska meg. 5,20+
24Far, eg vil at dei du har gjeve meg, skal vera hjå meg der eg er, så dei får skoda min herlegdom, som du har gjeve meg av di du elska meg før verda vart grunnlagd. 12,26; 14,3; 1 Joh 3,2
25Rettferdige Far, verda kjenner deg ikkje, men eg kjenner deg, og desse veit at det er du som har sendt meg. 7,28f; 8,55
26Eg har kunngjort namnet ditt for dei og skal kunngjera det, så den kjærleiken du har hatt til meg, kan vera i dei, og eg sjølv kan vera i dei.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.