Amos 1 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

1Dette er dei orda som Amos, ein av gjætarane frå Tekoa, fekk i syner om Israel. Det var på den tid då Ussia var konge i Juda, og Jeroboam, son til Joasj, var konge i Israel, to år før jordskjelvet. Domen over grannefolka

2Han sa:

Herren skal torna frå Sion,

la røysta si ljoma frå Jerusalem.

Då skal beitemarkene åt gjætarane stura

og alt turka bort på Karmels topp.

3Så seier Herren:

For tre ugjerningar Damaskus har gjort,

ja, for fire tek eg ikkje att min dom.

For dei har treskt Gilead

med jernslegne sledar.

4Men eg sender eld mot Hasaels hus,

han skal øyda Benhadads borger.

5Eg bryt sund portbommen i Damaskus,

rydjar ut dei som bur i Aven-dalen,

og han som ber kongsstav i Bet-Eden.

Og folket i Aram skal førast til Kir,

seier Herren.

6Så seier Herren:

For tre ugjerningar Gasa har gjort,

ja, for fire tek eg ikkje att min dom.

For dei førte bort alle

dei hadde teke til fange,

og gav dei i Edoms vald.

7Men eg sender eld mot muren kring Gasa,

han skal øyda borgene i byen.

8Eg rydjar ut dei som bur i Asjdod,

og han som ber kongsstav i Asjkalon.

Eg vender mi hand mot Ekron,

og resten av filistarane skal gå til grunne,

seier Herren Gud.

9Så seier Herren:

For tre ugjerningar Tyrus har gjort,

ja, for fire tek eg ikkje att min dom.

For alle dei hadde teke til fange,

gav dei i Edoms vald;

dei kom ikkje brorskapspakta i hug.

10Men eg sender eld mot muren kring Tyrus,

han skal øyda borgene i byen.

11Så seier Herren:

For tre ugjerningar Edom har gjort,

ja, for fire tek eg ikkje att min dom.

For dei forfylgde sine brør med sverd

og viste ikkje medkjensle.

Dei heldt alltid fast på sin vreide

og gav aldri opp sin harme.

12Men eg sender eld mot Teman,

han skal øyda borgene i Bosra.

13Så seier Herren:

For tre ugjerningar ammonittane har gjort,

ja, for fire tek eg ikkje att min dom.

For dei skar opp svangre kvinner i Gilead

då dei ville gjera sine grenser vide.

14Men eg kveikjer eld mot muren kring Rabba,

han skal øyda borgene i byen,

medan hærrop lyder på stridens dag,

og stormen rasar på uversdagen.

15Då skal kongen deira førast bort som fange

saman med hovdingane sine, seier Herren.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help