Høgsongen 4 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Alt hjå deg er fagert

1Kor fager du er, min hugnad!

Kor fager du er!

Dine augo attom sløret er som duer.

Ditt hår er som ein geiteflokk,

dansande nedetter Gileads fjell.

2Dine tenner er som nyklypte sauer,

nett komne or laug.

Tvillingar har dei alle,

og ingen av dei har mist sine lam.

3Dine lipper er som ei skarlaksnor,

og yndefull er din munn.

Som ei skive av eit granateple

er di panne attom sløret.

4Din hals er som Davids-tårnet,

bygt til våpenhus.

Tusen skjold heng der inne,

alle er skjold åt kjemper.

5Din barm er som to rådyrkalvar,

som tvillingar åt ei hind,

beitande mellom liljer.

6Når dagen svalnar og skuggane flyr,

går eg til myrraåsen,

til haugen der røykjelse angar.

7Alt hjå deg er fagert, min hugnad.

Det finst ikkje lyte på deg. Mi syster, mi brur

8Kom med meg frå Libanon, mi brur,

kom med meg frå Libanon!

Stig ned frå Amanas tind,

frå toppen av Senir og Hermon,

frå løveheimar, frå panterfjell.

9Du har fanga min hug, mi syster, mi brur.

Du har fanga min hug med eit einaste augnekast,

med ei av lekkjene om din hals.

10Kor fager din kjærleik er, mi syster, mi brur!

Din kjærleik er betre enn vin,

og angen av dine salvar

meir ljuvleg enn balsam.

11Av honning dryp dine lipper, mi brur.

Honning og mjølk er under di tunge.

Angen av kleda dine

er som angen på Libanon.

12Ein avstengd hage er mi syster, mi brur,

ein avstengd hage med kjelda forsegla.

13Dine lemer er som ein lund av granataplar

med den gildaste frukt,

av hennabuskar og nardusplanter,

14nardus, krokus, kalmus og kanel

og angande tre av alle slag,

myrra, aloë og alle slag balsam.

15Du er som kjelda i ein hage,

ei oppkome med sildrande vatn,

som bekker frå Libanon.

16«Vakna, nordavind!

Kom, sønnavind!

Blås igjennom min hage,

så angen får strøyma fritt.

Gjev min ven ville koma til sin hage

og eta hans herlege frukt!»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help