1I den tida som no kom, fór Jesus ikring og forkynte i byar og landsbyar, og bar fram evangeliet om Guds rike. Dei tolv var med han,
9Sidan spurde læresveinane han kva denne likninga skulle tyda.
10Han svara: «Dykk er det gjeve å kjenna løyndomane om Guds rike. Men dei andre får det i likningar, så dei skal sjå, men ikkje skilja, og høyra, men ikkje skjøna. Jesu sanne skyldfolk(Matt 12,46–50; Mark 3,31–35)
19Mor hans og brørne hans kom og ville møta han, men dei slapp ikkje fram for folkemengda.
20Då sa ein til han: «Mor di og brørne dine står utanfor og vil gjerne tala med deg.»
21Men han svara: «Mor mi og syskena mine, det er dei som høyrer Guds ord og gjer etter det.»Jesus stiller stormen(Matt 8,23–27; Mark 4,35–41)
22Ein dag steig han ut i ein båt saman med læresveinane. «Lat oss fara over til hi sida av sjøen,» sa han. Så la dei utpå,
23og medan dei siglde, sovna han. Då kom det ein kvervelvind kastande over sjøen, båten heldt på å gå full, og dei var i stor fare.
24Dei gjekk bort og vekte han og sa: «Meister, meister, vi går under!» Jesus reiste seg opp og truga vinden og bylgjene, så dei la seg, og det vart blikande stilt.
32No gjekk det ein stor svineflokk og beitte der på fjellet, og dei vonde åndene bad om å få fara inn i dei. Det gav han dei lov til.
33Då fór dei vonde åndene ut or mannen og inn i svina, og heile flokken sette utfor stupet og ned i sjøen og drukna.
34Men då gjætarane såg det som var hendt, sprang dei av stad og fortalde det i byen og i grendene omkring.
35Og folk drog ut og ville sjå kva som var hendt. Då dei kom fram til Jesus, fann dei mannen som dei vonde åndene hadde fare ut or. Han sat ved Jesu føter, påkledd og med sitt fulle vit. Då vart dei redde.
36Men dei som hadde sett på, fortalde korleis den forgjorde vart frisk att.
37Då bad både gerasenarane og folket frå bygdene der ikring, at han måtte fara bort ifrå dei, for dei var tekne av stor redsle. Og Jesus gjekk i båten og fór attende.
38Mannen som dei vonde åndene hadde fare ut or, bad om å få vera med han. Men Jesus sende han i veg og sa:
39«Gå heim og fortel kor store ting Gud har gjort mot deg.» Så gjekk han av stad og fortalde kring i heile byen kva Jesus hadde gjort for han.
Dotter til Jairus og kvinna som tok i Jesu kappe(Matt 9,18–26; Mark 5,21–43)40Då Jesus kom att, stod det mykje folk og tok imot han, for alle hadde venta på han.
41Best det var, kom det ein mann som heitte Jairus og var synagogeforstandar; han kasta seg ned for føtene åt Jesus og bad han vera med seg heim.
42For einaste dotter hans, som var om lag tolv år gamal, låg for døden. Som no Jesus gjekk dit, trengde folk seg innpå han frå alle kantar.
43No var det ei kvinne der som hadde hatt blødingar i tolv år. Alt ho åtte hadde ho lagt ut til lækjarar, men ingen hadde greitt å gjera henne frisk att.
44Ho gjekk bort til Jesus attanfrå og tok i kanten på kappa hans, og med ein gong stogga blodet.
45«Kven var det som tok i meg?» spurde Jesus. Ingen ville vedgå det. Då sa Peter: «Meister, folk trykkjer og trengjer seg innpå deg frå alle kantar.»
46Men Jesus sa: «Det var einkvan som tok i meg, for eg kjende at det gjekk ei kraft ut ifrå meg.»
49Før han hadde tala ut, kom det ein frå heimen åt synagogeforstandaren og sa: «Dotter di har slokna. Bry ikkje meisteren lenger.»
50Jesus høyrde det og sa til faren: «Ver ikkje redd, berre tru, så skal ho verta berga.»
51Då han kom fram til huset, lét han ingen annan vera med inn enn Peter, Johannes og Jakob og far og mor åt barnet.
52Alle gret og jamra over henne. Men han sa: «Gråt ikkje! Ho er ikkje slokna; ho søv.»
53Dei berre lo åt han, for dei visste at ho var død.
54Men han tok henne i handa og ropa: «Barn, stå opp!» 7,14
55Då vende livet attende, og ho reiste seg opp med ein gong. Og han sa at dei skulle gje henne mat.
56Foreldra hennar var reint ifrå seg av undring. Men Jesus forbaud dei å tala til nokon om det som hadde hendt.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.