Salmane 135 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Eg veit at Herren er stor

1Halleluja!

Pris Herrens namn,

syng lovsong, Herrens tenarar,

2de som står i Herrens hus,

i føregardane til vår Guds hus!

3Pris Herren, for han er god,

lovsyng hans namn, for det er herleg!

4For Herren har valt ut Jakob,

gjort Israel til sin eigedom.

5Ja, eg veit at Herren er stor,

vår Herre er større enn alle gudar.

6Alt han vil, det gjer han,

i himmelen og på jorda,

i havet og alle dei store djup.

7Han lèt skyer stiga opp frå enden av jorda,

skaper lyn, lèt regnet falla

og sender vinden frå hans opplagsrom.

8Han slo dei fyrstefødde i Egypt,

både av folk og fe.

9Han sende teikn og gjorde under

i landet ditt, Egypt,

med farao og alle hans tenarar.

10Han slo ned mange folkeslag

og gjorde ende på sterke kongar:

11amorittkongen Sihon,

kong Og i Basan

og alle kongane i Kanaan.

12Han gav deira land til odel og eige

for Israel, sitt folk.

13Herre, evig varer ditt namn,

ætt etter ætt kjem deg i hug.

14For Herren hjelper sitt folk til deira rett,

har medynk med sine tenarar.

15Dei gudebilete folka dyrkar,

er laga av sølv og gull;

dei er eit verk av menneskehender.

16Dei har munn, men kan ikkje tala,

dei har augo, men kan ikkje sjå.

17Dei har øyro, men kan ikkje høyra,

det er ikkje pust i deira munn.

18Såleis vert dei som lagar dei òg,

og alle som set si lit til dei.

19Israels ætt, lov Herren!

Arons ætt, lov Herren!

20Levis ætt, lov Herren!

Lov Herren, de som ottast han!

21Lova vere Herren frå Sion,

han som bur i Jerusalem!

Halleluja!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help