1Ein gong var Jesus gjest hjå ein av rådsherrane, som var farisear. Det var sabbat, og dei heldt auga med han. Sann audmykt og gjestfridom
7Då han la merke til korleis gjestene valde seg ut dei øvste plassane ved bordet, fortalde han dei ei likning:
8Når du vert beden i gjestebod, så set deg ikkje øvst ved bordet. For det kunne henda at ein som er gjævare enn du, var beden,
12Han sa òg eit ord til den som hadde bede han: «Når du vil halda eit middags- eller kveldslag, så bed ikkje vener og brør og skyldfolk og rike grannar. For dei kjem til å be deg att, så du får vederlag. Det store gjestebodet(Matt 22,1–10)
15Ein av gjestene som høyrde dette, sa til han: «Sæl er den som får sitja til bords i Guds rike!»
28Vil ein av dykk byggja eit tårn, set han seg ikkje då fyrst ned og reknar etter kva det vil kosta, om han har nok til å fullføra det?
29For har han lagt grunnmuren, og ikkje er god til å gjera tårnet ferdig, då vil alle som ser det, gjera narr av han
30og seia: «Denne mannen gjekk i gang med å byggja, men greidde ikkje å fullføra det.»
31Eller om ein konge vil dra i krig mot ein annan konge, set han seg ikkje då fyrst ned og tenkjer etter om han med sine ti tusen mann er sterk nok til å møta den andre, som kjem mot han med tjue tusen?
32Og er han ikkje det, sender han menn av stad og tingar om fred medan fienden enno er langt borte.
33Såleis kan ingen av dykk vera min læresvein utan at han seier frå seg alt det han eig.
34Salt er ein god ting. Men misser saltet si kraft, kan det då verta til salt att?
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.