1Så fór Abram frå Egypt opp til Negev med kona si og alt det han åtte. Og Lot var med han.
2Abram var no svært rik, både på fe og på sølv og gull.Abram og Lot
3Frå Negev fór Abram dagslei etter dagslei til dess han kom til Betel, til den staden der han før hadde hatt teltet sitt, mellom Betel og Ai.
4Der hadde han førre gongen bygt eit altar, og der kalla han på Herrens namn.
5Lot, som fylgdest med Abram, hadde òg småfe og storfe og telt.
6Men landet kunne ikkje fø dei når dei var i lag; dei hadde så mykje fe at dei ikkje kunne bu saman.
7Så vart det trette mellom dei som gjætte for Abram, og dei som gjætte for Lot. Kanaanearane og perisittane budde den gongen i landet.
8Då sa Abram til Lot: «Kjære, lat det ikkje vera trette mellom meg og deg og mellom mine gjætarar og dine! Vi er då frendar.
9Ligg ikkje heile landet framføre deg? Skil heller lag med meg! Tek du til venstre, skal eg ta til høgre; og tek du til høgre, skal eg ta til venstre.»
10Då såg Lot ut over landet og la merke til at heile Jordan-sletta, radt ned til Soar, var svært rik på vatn, som Herrens hage, som Egyptarlandet. Det var før Herren hadde lagt Sodoma og Gomorra i øyde.
11Og Lot valde seg ut heile Jordan-sletta og tok austetter. Såleis skildest dei frå einannan.
12Abram vart buande i Kanaan, medan Lot slo seg ned i byane på sletta og flytte med telta sine heilt ned til Sodoma.
13Men folket i Sodoma var vondt og synda groveleg mot Herren.
14Herren sa til Abram etter at Lot hadde skilt lag med han: «Lyft augo og sjå deg ikring frå den staden der du står, mot nord og sør, mot aust og vest!
15For heile det landet du ser, vil eg gje deg og di ætt for alltid.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.