1Når det gjeld det de skreiv om, så er det godt for ein mann at han ikkje rører ei kvinne.
2Men for at de ikkje skal driva hor, skal kvar mann ha si kone og kvar kvinne sin mann.
8Til dei ugifte og til enkjene seier eg: Det er godt for dei om dei vert verande som eg.
9Men kan dei ikkje vera fråhaldande, så får dei gifta seg. For det er betre å gifta seg enn å brenna av lyst.
17Elles bør kvar og ein halda fram der Herren har sett han i livet, der han var då Gud kalla han. Denne føresegna gjev eg i alle kyrkjelydane.
36Om nokon trur at han ikkje kan vera i lag med jenta si på sømeleg vis, fordi han er i si fulle kraft, då skal han, når så må vera, gjera som han vil: Lat dei gifta seg, han syndar ikkje med det.
37Men den som står fast i det han har sett seg føre og ikkje er under tvang, men har herredøme over viljen sin og har teke den avgjerda å la jenta vera som ho er, han gjer vel i det.
38Så gjer den rett som gifter seg med jenta si, og den som ikkje gifter seg, gjer betre.
39Ei kone er bunden så lenge mannen hennar lever. Men når mannen døyr, er ho fri og kan gifta seg med kven ho vil, berre det vert gjort i Herren. Rom 7,2f
40Men lukkelegare er ho om ho lever åleine, etter mi meining. Og eg trur at eg òg har Guds Ande.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.