1. Kongebok 15 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Kong Abia i Juda

1I det attande styringsåret åt Jeroboam Nebatsson vart Abia konge i Juda.

6Abia hadde ufred med Jeroboam så lenge han levde.

7Det som elles er å seia om Abia og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane. Abia og Jeroboam låg i strid med einannan. Kong Asa i Juda

9I det tjuande året Jeroboam var konge i Israel, vart Asa konge i Juda.

10Han styrte i Jerusalem i førtiein år. Farmor hans heitte Ma'aka og var dotter til Absalom.

11Asa gjorde det som rett var i Herrens augo, liksom David, far hans, hadde gjort. Kong Nadab i Israel

25I det andre året Asa var konge i Juda, vart Nadab, son til Jeroboam, konge i Israel. Han styrte i Israel i to år.

26Nadab gjorde det som vondt var i Herrens augo; han fylgde den same vegen som faren og heldt fram med dei same syndene som han hadde gjort og fått israelittane til å gjera.

27Basja, son til Akia av Jissakars-ætta, fekk til ei samansverjing mot Nadab og slo han i hel bortmed Gibbeton, ein by som høyrde filistarane til. Det hende medan Nadab og alle israelittane heldt byen kringsett.

28Det var i tredje styringsåret åt Asa, Juda-kongen, at Basja drap Nadab og vart konge etter han.

29Då han hadde vorte konge, slo han i hel heile Jeroboams ætt. Han sparte ikkje eit einaste liv i kongsætta, men rudde dei heilt ut. Då vart det oppfylt, det ordet som Herren hadde tala gjennom Akia frå Sjilo, tenaren sin. 14,10ff

30Dette var straffa for dei syndene som Jeroboam hadde gjort og fått israelittane til å gjera. For på den måten hadde han harma Herren, Israels Gud.

31Det som elles er å seia om Nadab og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.

32Mellom Asa og Basja, kongen i Israel, var det ufred så lenge dei levde.

Kong Basja i Israel

33I det tredje året Asa var konge i Juda, vart Basja, son til Akia, konge over heile Israel. Han styrte i Tirsa i tjuefire år.

34Basja gjorde det som vondt var i Herrens augo; han fylgde den same vegen som Jeroboam og heldt fram med dei same syndene som han hadde gjort og fått israelittane til å gjera.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help