Jesaja 16 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Moab bed Sion om hjelp

1Send nokre verlam til landsens herre,

frå Sela i øydemarka

til Sions fjell og by!

2Som flaksande fuglar,

som fugleungar, skræmde or reiret,

skal Moabs døtrer vera

ved Arnons vadestader.

3«Gjev oss råd, og finn ein utveg!

Lat skuggen din verna oss

midt på dagen som var det natt.

Løyn dei bortdrivne,

svik ikkje dei som har rømt!

4Lat dei bortdrivne frå Moab

finna tilhald hjå deg!

Ver ei livd for dei

mot fienden som herjar!»

Når hardferda er til ende

og herjinga slutt,

når dei som trakkar ned for fote,

er borte frå landet,

5då skal ein kongsstol reisast i truskap,

og på den skal det i sanning sitja

ein domar, i Davids telt,

ein som legg vinn på rettferd

og med iver gjer det som er rett.

Moabs hovmod og fall

6Vi har høyrt

kor store og stolte moabittane er;

kaute er dei

og hovne og frekke og store i ord.

7Difor jamrar moabittane,

alle jamrar over Moab.

Motlause sukkar dei

over mennene i Kir-Hareset.

8Ja, Hesjbons vingardar har turka bort,

vintrea i Sibma står visne.

Dei raude druene som voks der,

vart slegne til jorda av herrar over folkeslag.

Vintrea nådde heilt til Jaser

og spreidde seg ut i øydemarka.

Rankene strekte seg vidt ikring

og nådde ut over sjøen.

9Difor græt eg med Jaser

over vintrea i Sibma.

Eg vatnar deg med tårene mine,

Hesjbon og El'ale.

For over di frukt og di grøde

lèt fienden krigsropet ljoma.

10Glede og jubel har kvorve frå hagane.

Det er ingen som jublar i vingardane,

der lyder ikkje glederop.

Ingen trakkar druer i vinpressene,

dei glade rop er stilna.

11Difor bivrar mitt bryst

som lyrestrenger for Moab;

mitt hjarta bivrar for Kir-Heres.

12Men når moabittane stig fram

og trøyttar seg ut på offerhaugen,

når dei går til sin heilagdom og bed,

så får dei ingen ting.

13Dette er det ordet som Herren før har tala om Moab.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help