1Av David.
Lova vere Herren, mitt berg,
som lærer opp mine hender til strid
og mine fingrar til krig!
2Herre, mi miskunn og mi borg,
mi festning og min bergingsmann,
mitt skjold, som eg set mi lit til,
du som legg folkeslag under meg!
3Herre, kva er vel eit menneske,
sidan du kjennest ved det,
eit menneskebarn, sidan du aktar på det?
4Mennesket er som ein vindpust,
dei dagar det lever, som ein kvervande skugge.
5Herre, senk din himmel og stig ned,
rør ved fjella, så det ryk av dei!
6Lat lyna blinka, så fiendane vert spreidde!
Skyt dine piler, så dei vert skræmde!
7Rett ut di hand frå det høge,
fri meg og frels meg frå det djupe vatnet,
frå dei framande mennene,
8frå dei som brukar sin munn til lygn
og si høgre hand til svik.
9Gud, eg vil syngja ein ny song
og spela for deg på tistrengja harpe,
10du som gjev kongar siger
og friar ut David, din tenar.
Berg meg frå det vonde sverdet,
11frels meg frå dei framande mennene,
frå dei som brukar sin munn til lygn
og si høgre hand til svik.
12Våre søner liknar planter,
dei veks seg høge i ungdoms år.
Våre døtrer er som søyler,
hogne ut i tempelstil.
13Våre stabbur er fulle,
dei bognar av alle slag varer.
Sauene våre ute på markene
aukar til tusen, ja mange tusen.
14Når kyrne våre skal bera,
hender det ikkje noko uhell,
dei kalvar ikkje for tidleg.
Ingen klagar og skrik på våre gater.
15Sælt er det folket som har det så,
sælt er det folket som har Herren til Gud!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.