1. Krønikebok 7 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Dei andre Israels-ættene

1Jissakar hadde fire søner: Tola, Pua, Jasjub og Sjimron.

14Son til Manasse var Asriel, som han fekk med den arameiske fylgjekona si. Ho fekk ein son til, Makir, som vart far til Gilead.

24Dotter hans heitte Sje'era. Ho bygde Nedre og Øvre Bet-Horon og Ussen-Sje'era.

25Hans son var Refah, hans son Resjef, hans son Telah, hans son Tahan,

26hans son Ladan, hans son Ammihud, hans son Elisjama,

27hans son Nun og hans son Josva.

28Dei byane som Efraims-sønene åtte og budde i, var Betel med landsbyane som høyrde til, og i aust Na'aran, i vest Geser med landsbyar, og så Sikem med landsbyar, heilt til Ajja og landsbyane der ikring.

29Sønene til Manasse rådde i Bet-Sjean og landsbyane som høyrde til, i Ta'anak, Megiddo og Dor, alle med landsbyar ikring. I desse byane budde etterkomarane etter Josef, son til Israel.

30Sønene til Asjer var Jimna, Jisjva, Jisjvi og Beria; dei hadde ei syster som heitte Serah. 1 Mos 46,17; 4 Mos 26,44–47

31Sønene til Beria var Heber og Malkiel, han som var far til Birsajit.

32Heber fekk sønene Jaflet, Sjomer og Hotam, og syster deira var Sjua.

33Sønene til Jaflet var Pasak, Bimhal og Asjvat. Det var Jaflet-sønene.

34Sønene til Sjomer var Aki, Rohga, Jehubba og Aram.

35Sønene til Helem, bror hans, var Sofah, Jimna, Sjelesj og Amal.

36Sønene til Sofah var Suah, Harnefer, Sjual, Beri, Jimra,

37Beser, Hod, Sjamma, Sjilsja, Jitran og Be'era.

38Sønene til Jeter var Jefunne, Pispa og Ara.

39Og sønene til Ulla var Arah, Hanniel og Risja.

40Alle desse var sønene til Asjer, ættehovdingar, utvalde og djerve krigarar, hovdingar mellom fyrstane. I ættelistene deira stod det tjueseks tusen mann som var skikka til krigsteneste.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help