1Ei tid etter at Hiskia hadde gjort dette og synt så stor truskap, drog Sankerib, kongen i Assyria, mot Juda. Han kringsette festningsbyane der og tenkte han skulle få dei i si makt.
9Så sende Sankerib, assyrarkongen, som låg utfor Lakisj med heile stridsmakta si, nokre av mennene sine til Jerusalem, til Hiskia, Juda-kongen, og alle judearane som var med i Jerusalem, og sa:
10Så seier Sankerib, kongen i Assyria: Kva er det de set dykkar lit til, sidan de roleg lèt dykk kringsetja i Jerusalem?
11Hiskia vil at de skal døy av svolt og torste. Difor lokkar han dykk og seier: «Herren vår Gud skal berga oss for assyrarkongen.»
12Var det ikkje denne Hiskia som tok bort offerhaugane og altara hans og sa til folket i Juda og Jerusalem: «Berre framfor eitt altar skal de bøya dykk og tilbe, og berre på det skal de ofra!»
13Veit de ikkje kva eg og fedrane mine har gjort med alle folka rundt om i landa? Har vel dei gudane som desse folka dyrkar, kunna berga landa sine for meg?
14Kven av alle gudane åt desse folka som fedrane mine bannstøytte, har kunna berga folket sitt for meg? Og så skulle dykkar Gud kunna berga dykk!
15Lat ikkje Hiskia få narra dykk! Lat han ikkje få lokka dykk på den måten! Tru han ikkje! For ingen gud hjå noko folk eller i noko rike har kunna berga folket sitt for meg eller fedrane mine. Kor mykje mindre vil då dykkar gud kunna berga dykk!
16Desse og mange andre ord tala mennene hans mot Herren Gud og mot Hiskia, tenaren hans.
17Han skreiv òg eit brev for å spotta Herren, Israels Gud, og tala mot han. Der stod: «Likså lite som gudane åt folka rundt om i landa har berga folka sine for meg, likså lite skal guden åt Hiskia kunna berga sitt folk.»
18Og dei ropa med høg røyst på judeisk mål til Jerusalems-buane som stod på muren. Dei ville skræma dei og gjera dei motlause, så dei kunne ta byen.
19Og dei tala om Jerusalems Gud på same vis som om gudane åt andre folk på jorda, dei som er laga av menneskehand.
20Då kong Hiskia og profeten Jesaja Amosson høyrde det, bad dei og ropa til himmelen.
31Så var det òg den gongen det kom sendemenn frå fyrstane i Babylonia. Dei sende bod til han og ville høyra om det underfulle teiknet som hadde synt seg i landet. For at Gud gjekk ifrå han, det var berre av di han ville setja han på prøve og finna ut kva som budde i hjarta hans.
32Det som elles er å seia om Hiskia og dei gode gjerningane hans, det står skrive i synene åt profeten Jesaja Amosson og i boka om Juda- og Israels-kongane.
33Hiskia gjekk til kvile hjå fedrane sine. Dei gravla han på ein høg stad mellom gravene åt Davids etterkomarar. Alt folket i Juda og Jerusalem synte han stor ære då han døydde. Manasse, son hans, vart konge etter han.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.