1Så tok heile Israels-folket ut frå Sin-øydemarka og fór dagslei etter dagslei, som Herren baud dei. Sidan slo dei leir i Refidim. Men der fanst det ikkje vatn så folket kunne få drikka. Striden med amalekittane
8Sidan kom amalekittane til Refidim og gav seg i strid med israelittane.
9Då sa Moses til Josva: «Vel deg ut ein flokk menn, ta i veg og hald slag med amalekittane! I morgon skal eg stå øvst på haugen med gudsstaven i handa.»
10Josva gjorde som Moses sa, og tok opp striden med amalekittane. Samstundes steig Moses, Aron og Hur opp på toppen av haugen.
11Då gjekk det så at så lenge Moses heldt handa i veret, hadde israelittane overtaket. Men når han lét handa siga, var amalekittane dei sterkaste.
12Men så tok Moses til å trøytna i hendene. Då fann dei ein stein og la til rettes for han; den sette han seg på, og Aron og Hur stødde hendene hans, ein på kvar side. Så var hendene hans støe heilt til sola gladde.
13Såleis vann Josva over amalekittane og hæren deira med kvasse sverdet.
14Sidan sa Herren til Moses: «Skriv dette opp i ei bok, så det ikkje går dykk or minne, og ta det opp att for Josva! For eg vil rydja ut minnet om amalekittane frå jorda.» 4 Mos 24,20; 5 Mos 25,19; 1 Sam 15,2f.20
15Då bygde Moses eit altar og kalla det «Herren er hærmerket mitt».
16Og han sa: «Ei hand er rett ut frå Herrens høgsete. Han skal strida mot amalekittane frå ætt til ætt.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.