Salmane 95 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Høyr på Herren i dag!

1Kom, lat oss jubla for Herren

og ropa høgt for vårt frelsande berg!

2Lat oss gå fram for han med lovsong

og hylla han med song og spel!

3For Herren er ein mektig Gud,

ein stor konge over alle gudar.

4Han har jord-djupnene i si hand

og fjelltoppane i si eige.

5Havet er hans, for han har skapt det,

det faste landet har hans hender forma.

6Kom, lat oss bøya oss og tilbe,

bøya kne for Herren, vår skapar!

7For han er vår Gud, vi er folket han gjæter,

den hjord han leier med si hand.

Å, ville de høyra på han i dag!

8Gjer ikkje hjarto dykkar harde, som ved Meriba,

som den dagen ved Massa i øydemarka,

9då fedrane eggja meg

og sette meg på prøve,

endå dei såg kva eg gjorde!

10I førti år hadde eg uvilje mot denne ætta,

og eg sa om dei:

«Dei er eit folk som fer vilt i sitt hjarta,

dei kjenner ikkje mine vegar.»

11Så svor eg i min vreide:

«Dei skal aldri koma inn til mi kvile!»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help