1Så snart Rehabeam var komen til Jerusalem, samla han heile Juda-folket og Benjamins-ætta, hundre og åtti tusen utvalde krigarar. Dei skulle strida mot Israel og vinna riket att for Rehabeam.
2Då kom Herrens ord til gudsmannen Sjemaja, og det lydde så:
3«Sei til Rehabeam, son til Salomo, kongen i Juda, og til alle israelittane i Juda og Benjamin:
4Så seier Herren: De skal ikkje dra opp og strida mot brørne dykkar. Far heim att, kvar til sitt hus! For det som har hendt, er kome frå meg.» Då lydde dei Herrens ord; dei snudde om og gjekk ikkje mot Jeroboam.
5Rehabeam vart buande i Jerusalem, og han bygde mange av byane i Juda om til festningsbyar. 1 Kong 12,31ff
16Og med prestane og levittane fylgde det or alle Israels-ættene folk som la vinn på å søkja Herren, Israels Gud; dei kom til Jerusalem og ville ofra til Herren, sine fedrars Gud.
17Dei styrkte kongedømet i Juda og trygde riket for Rehabeam, son til Salomo, i tre år. For så lenge fylgde dei i Davids og Salomos fotefar.
18Rehabeam tok Mahalat til kone. Ho var dotter til Jerimot Davidsson og Abihajil, dotter til Eliab Isaison. 1 Sam 16,6; 17,13
19Med henne fekk han sønene Je'usj, Sjemarja og Saham.
20Sidan tok han Ma'aka Absalomsdotter til kone. Med henne fekk han Abia, Attai, Sisa og Sjelomit.
21Rehabeam heldt meir av Ma'aka, dotter til Absalom, enn av alle dei andre konene og fylgjekonene sine. For han hadde teke seg atten koner og seksti fylgjekoner og fekk tjueåtte søner og seksti døtrer.
22Rehabeam sette Abia, son til Ma'aka, til hovding og førar mellom brørne; for han var meint på å gjera han til konge.
23Men samstundes var han så klok at han lét alle sønene sine bu rundt ikring i heile Juda og Benjamin, i alle festningsbyane der. Han sytte for at dei hadde flust med mat og lét dei få mange koner.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.