1Ve den stolte kransen
åt Efraims drukne menn!
Ve dei visnande blomane,
Efraims herlege prydnad,
på høgda over den grøderike dalen,
der dei ligg drukne av vin.
2Sjå, Herren sender ei mektig kjempe.
Som ein hagl-eling, ein øydande storm,
som ei kraftig regnskur med flaumar av vatn
slår han dei til jorda med makt.
3Under fot skal han trakkast,
den stolte kransen
åt Efraims drukne menn.
4Med dei visnande blomane,
Efraims herlege prydnad,
på høgda over den grøderike dalen,
skal det gå som med ein sommarfiken
som er mogen før hausten:
Når nokon ser han, sluker dei han
så snart dei får han i handa.
5Den dagen skal Herren, Allhærs Gud,
verta ein fager krans og ei strålande krone
for leivningen av folket sitt.
6Han skal gje den som sit på domarsetet,
evne til å døma rett,
og styrkja dei som driv
fienden attende frå porten. Domsord mot prest og profet
7Men det er andre òg som sjanglar,
som ragar av vin og sterk drikk:
Prestar og profetar er drukne,
heilt fortumla av vin.
Dei ragar av den sterke drikken,
dei sjanglar når dei har syner,
og er ustøe når dei dømer.
8Ja, alle bord er fulle av spy,
ikkje ein flekk er rein.
9«Kven vil profeten gje kunnskap?
Kven vil han få til å skjøna sin bodskap?
Born som nett er avvande,
som nyss er tekne frå brystet?
10Bod på bod,
krav på krav,
litt her og litt der!»
11Ja, gjennom folk med stammande lipper
og med framandt tungemål
skal han tala til dette folket,
12han som sa til dei:
«Her er staden
der dei kan slå seg ned.
Lat den trøytte få ro,
her kan han kvila.»
Men dei ville ikkje høyra.
13Så skal då Herrens ord
for dei verta «bod på bod,
krav på krav,
litt her og litt der!»
Når dei går, skal dei snåva,
detta bakover og skamslå seg,
gå i snara og verta fanga. Hjørnesteinen på Sion
14Så høyr då Herrens ord, de spottarar
som rår over folket i Jerusalem!
15De seier: «Vi har gjort ei pakt med døden,
ein avtale med dødsriket.
Når flaumen kjem veltande,
skal han ikkje nå oss.
For vi har gjort lygn til livd
og løynt oss bak svik.»
16Difor, så seier Herren vår Gud:
Sjå, eg legg ein grunnstein på Sion,
ein velprøvd stein,
ein dyrverdig, grunnfast hjørnestein.
Den som trur, tek det med ro. Underleg er Herrens gjerning
17Eg vil gjera rett til mælesnor,
rettferd til loddsnor.
Hagl skal sopa bort lygnlivda,
vatn skal skylja vekk deira gøymsle.
18Den pakt de har med døden,
skal setjast ut av kraft,
avtalen med dødsriket
skal ikkje stå ved lag.
Når flaumen kjem veltande,
skal han slå dykk ned.
19Så tidt han kjem farande,
skal han riva dykk med seg.
For morgon etter morgon skal han koma,
ja, både dag og natt.
De skal skjelva av redsle
når de skjønar bodskapen.
20For senga er for kort
til å strekkja seg i
og teppet for lite
til å sveipa seg i.
21Ja, Herren skal reisa seg
som på Perasim-fjellet
og harmast som i Gibeon-dalen.
Han skal gjera si gjerning,
ei underleg gjerning.
Han skal gjera sitt verk,
eit sjeldsynt verk.
22Hald no opp med den frekke spott,
så lekkjene dykkar ikkje skal strammast!
For frå Herren, Allhærs Gud, har eg høyrt
at øyding er fastsett for heile landet. Gud er stor i visdom
23Vend øyra til og høyr mi røyst,
lyd etter og høyr kva eg seier!
24Når bonden pløyer og skal så,
held han då støtt på
med å pløya og snu og horva si jord?
25Nei, når han har jamna åkeren,
spreier han dill og strøyer ut karve,
sår kveite, durra, bygg og hirse,
og spelt langsmed åkerreina.
26Hans Gud har synt han den rette måten
og lært han korleis det skal gjerast.
27Ingen treskjer dill med slede
eller rullar vognhjul over karve.
Nei, dill vert banka ut med stav
og karve med ein kjepp.
28Vert vel brødkornet knust?
Nei, ein treskjer det ikkje for lenge.
Ein køyrer hestar og vogner over,
men lèt ikkje hjula knusa kornet.
29Dette òg kjem frå Herren, Allhærs Gud.
Underfulle er hans råd,
stor er hans visdom.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.