Jesaja 36 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Sankeribs hærferd mot Juda

1I det fjortande året Hiskia var konge, drog Sankerib, kongen i Assyria, mot alle festningsbyane i Juda og tok dei.

3Då gjekk slottshovdingen Eljakim, son til Hilkia, ut til han saman med riksskrivaren Sjebna og kanslaren Joak, son til Asaf. 22,15ff.20

4Hærføraren ropa til dei: Sei til Hiskia: Så seier storkongen, kongen i Assyria: Kva er det du lit på, sidan du kjenner deg så trygg?

5Meiner du at tome ord er råd og styrke i krig? Kven er det du lit på, sidan du har sett deg opp mot meg?

6Du set nok di lit til Egypt, den brotne røyrstaven, som stikk hol i handa på dei som stør seg på han. Såleis er farao, kongen i Egypt, for alle som lit på han. Esek 29,6.7

7Men svarar du meg: «Det er Herren vår Gud vi set vår lit til», då spør eg deg: Var det ikkje hans offerhaugar og altar Hiskia tok bort, då han sa til folket i Juda og Jerusalem: «Berre framfor dette altaret skal de bøya dykk og tilbe?»

8Gjer no eit vågemål med herren min, kongen i Assyria: Eg gjev deg to tusen hestar dersom du kan finna ryttarar til dei.

9Korleis kan du då driva attende ein einaste statthaldar, ein av dei ringaste tenarane åt herren min, du som set di lit til Egypt og vonar at du skal få vogner og hestfolk derifrå?

10Trur du kanskje at eg har drege mot dette landet for å øydeleggja det utan at Herren ville det så? Nei, Herren sjølv sa til meg at eg skulle dra opp mot dette landet og leggja det i øyde.

11Då sa Eljakim, Sjebna og Joak til hærføraren: «Tal til tenarane dine på arameisk, for vi skjønar det. Tal ikkje Judea-mål til oss, så folket som står på muren, høyrer det.»

12Men hærføraren svara: «Trur du herren min har sendt meg for å seia dette berre til herren din og til deg? Nei, det er like mykje til mennene som sit på muren, dei som snart må eta sin eigen skit og drikka sitt eige vatn, liksom de.»

13Så steig hærføraren fram og ropa med høg røyst på judeisk: Høyr kva storkongen, kongen i Assyria, seier!

14Så seier kongen: Lat ikkje Hiskia narra dykk! For han kan ikkje berga dykk.

15Lat ikkje Hiskia få dykk til å lita på Herren, når han seier: «Herren vil nok berga oss. Denne byen skal ikkje gjevast i hendene på assyrarkongen.»

16Høyr ikkje på Hiskia! For så seier kongen i Assyria: Gjer fred med meg, og gjev dykk over til meg! Så skal de få eta, kvar av sitt vintre og sitt fikentre, og drikka vatn, kvar or sin brunn, 1 Kong 4,25

17til dess eg kjem og tek dykk med til eit land som er likt dykkar eige, eit land med korn og druesaft, med brød og vingardar.

18Lat ikkje Hiskia få lokka dykk når han seier: «Herren vil nok berga oss.» Har vel andre folks gudar berga sine land for kongen i Assyria? 10,9ff; 37,12

19Kvar er gudane åt Hamat og Arpad? Kvar er gudane åt Sefarvajim? Og kvar er gudane åt Samaria? Har dei berga landet ut or mi hand? 2 Kong 18,34; Jes 37,13

20Kven var det av gudane i alle desse landa som berga landet sitt ut or mi hand? Og så skulle Herren kunna berga Jerusalem!

21Dei tagde og svara ikkje eit ord. For kongen hadde sagt frå at dei ikkje skulle svara han.

Herren bergar Jerusalem

22Så kom slottshovdingen Eljakim, son til Hilkia, riksskrivaren Sjebna og kanslaren Joak, son til Asaf, med sundrivne klede til Hiskia og fortalde kva hærføraren hadde sagt.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help