Markus 11 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Jesus kjem til Jerusalem(Kap. 11–12)Jesus rid inn i Jerusalem(Matt 21,1–11; Luk 19,29–38; Joh 12,12–16)

1Då dei var komne til Betfage og Betania ved Oljeberget og ikkje hadde langt att til Jerusalem, sende Jesus to av læresveinane i veg

2og sa til dei: «Gå bort i den landsbyen som ligg framfor dykk! Med det same de kjem inn der, finn de ein eselfole som står bunden, og som det aldri har sete menneske på. Den skal de løysa og koma hit med.

3Og er det nokon som spør: Kva er det de gjer? då skal de svara: Herren har bruk for han, og sender han straks attende.»

4Så gjekk dei og fann folen; han stod bunden ute i gata attmed ei dør, og dei løyste han.

5Nokre som stod der, sa til dei: «Kva er det de gjer? Løyser de folen?»

6Dei svara så som Jesus hadde sagt, og då fekk dei gå.

7Så kom dei til Jesus med folen og la kappene sine på han, og Jesus sette seg oppå.

8Mange breidde kappene sine på vegen, andre strøydde lauvgreiner som dei hadde hogge ute på markene.

9Og dei som gjekk føre, og dei som fylgde etter, ropa:

Hosianna!

Velsigna vere han som kjem, i Herrens namn!

10Velsigna vere vår far Davids rike som kjem!

Hosianna i det høgste!

11Han kom inn i Jerusalem og gjekk opp på tempelplassen. Der såg han seg ikring alle stader, men då det tok til å kvelda, drog han ut til Betania med dei tolv.

Fikentreet som ikkje bar frukt(Matt 21,18–22)

12Dagen etter, då dei gjekk frå Betania, vart Jesus svolten.

13Langt borte såg han eit fikentre med lauv på; han gjekk dit og ville sjå om han kunne finna frukt på det. Men då han kom bortåt, fann han berre lauv; for det var ikkje tid for fiken.

14Då sa han til treet: «Aldri meir skal nokon eta frukt av deg.» Og det høyrde læresveinane hans.Mitt hus skal kallast eit bønehus(Matt 21,12–17; Luk 19,45–48; Joh 2,13–16)

15Då dei kom til Jerusalem, gjekk Jesus inn på tempelplassen og tok til å jaga ut dei som selde og kjøpte der. Han velte borda til pengevekslarane og benkene til dei som selde duer,

16og han gav ingen lov til å bera noko over tempelplassen.

17Og han lærte dei: «Står det ikkje skrive: Mitt hus skal kallast eit bønehus for alle folkeslag? Men de har gjort det til ei røvarhole.»

18Overprestane og dei skriftlærde fekk høyra dette, og dei freista finna ei råd til å få rudt han or vegen. For dei var redde han, av di heile folket var gripe av læra hans.

19Då det vart kveld, gjekk Jesus og læresveinane hans ut or byen.

Tru og bøn(Matt 21,18–22)

20Tidleg om morgonen gjekk dei framom fikentreet, og då fekk dei sjå at det hadde turka radt ifrå rota. Jesu fullmakt(Matt 21,23–27; Luk 20,1–8)

27Dei kom atter til Jerusalem. Og medan Jesus gjekk ikring på tempelplassen, kom overprestane, dei skriftlærde og dei eldste til han

28og sa: «Kva rett har du til å gjera dette? Eller kven har gjeve deg fullmakt til å gjera det?» Matt 21,23+

29Jesus sa til dei: «Eg har òg noko eg vil spørja dykk om. Svar meg på det, så skal eg seia dykk kva fullmakt eg har til å gjera dette.

30Var Johannes-dåpen frå himmelen eller frå menneske? Svar meg på det!»

31Dei samrådde seg med kvarandre og sa: «Svarar vi: Frå himmelen, vil han seia: Kvifor trudde de han då ikkje?

32Eller skal vi svara: Frå menneske?» – Men det torde dei ikkje for folket, for alle meinte at Johannes verkeleg var ein profet. Matt 11,9+

33Difor svara dei: «Det veit vi ikkje.» Då sa Jesus til dei: «Så seier heller ikkje eg dykk kva fullmakt eg har til å gjera dette.»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help