1Seks dagar før påske kom Jesus til Betania, der Lasarus budde, han som Jesus hadde vekt opp frå dei døde.
2Der heldt dei eit gjestebod for han. Marta stelte for dei, og Lasarus var ein av dei som sat til bords med han.
3Då tok Maria eit pund ekte, dyr nardussalve og salva Jesu føter og turka dei med håret sitt. Heile huset vart fylt av angen.
4Då sa Judas Iskariot, ein av læresveinane, han som sidan sveik han:
5«Kvifor vart ikkje denne salven seld for tre hundre denarar og pengane gjevne til dei fattige?»
6Dette sa han ikkje fordi han hadde omsut for dei fattige, men fordi han var ein tjuv. Det var han som hadde pengepungen, og han tok av det som vart lagt der. Jesus rid inn i Jerusalem(Matt 21,1–11; Mark 11,1–11; Luk 19,29–38)
12Dagen etter spurdest det i den store folkehopen som var komen til høgtida, at Jesus var på veg inn i Jerusalem.
13Då tok dei palmegreiner og gjekk til møtes med han og ropa:
Hosianna!
Velsigna vere han som kjem, i Herrens namn,
Israels konge!
14Jesus fann seg eit ungt esel og sette seg på det, som det står skrive:
15Ottast ikkje, Sions dotter!
Sjå, kongen din kjem
ridande på ein eselfole.
16Dette skjøna ikkje læresveinane med det same; men då Jesus var herleggjord, kom dei i hug at dette var skrive om han, og at dei hadde helsa han så.
17Alle som hadde vore med han då han ropa Lasarus ut or grava og vekte han opp frå dei døde, vitna om det dei hadde sett.
18Difor var det òg at folket drog ut til møtes med han; for dei hadde fått høyra at han hadde gjort dette teiknet.
19Men farisearane sa seg imellom: «Der ser de, det nyttar ikkje. Heile verda flyg etter han.»
Jesus talar om at han skal døy20No var det nokre grekarar mellom dei som var komne til Jerusalem for å tilbe på høgtida.
21Dei kom til Filip, som var frå Betsaida i Galilea, og sa: «Herre, vi ville gjerne få sjå Jesus.»
22Filip kom og fortalde det til Andreas, og Andreas og Filip gjekk og sa det til Jesus.
29Folket som stod der, høyrde det og sa at tora hadde slege. Andre sa: «Det var ein engel som tala til han.»
30Då sa Jesus til dei: «Det var ikkje for mi skuld denne røysta lydde, men for dykkar. Vantru og dom
37Endå han hadde gjort så mange teikn for augo deira, trudde dei ikkje på han.
38For det skulle oppfyllast, det ordet som profeten Jesaja har tala:
Herre, kven trudde bodskapen vår,
og kven vart Herrens makt openberra for?
39Difor kunne dei ikkje tru; for ein annan stad seier Jesaja:
40Han har gjort augo deira blinde
og hjarta deira hardt,
så dei ikkje skal sjå med augo
og skjøna med hjarta
og venda om, så eg får lækja dei.
41Dette sa Jesaja av di han såg Jesu herlegdom og tala om Jesus.
42Likevel var det mange som trudde på han, jamvel av rådsherrane. Men dei ville ikkje kjennast ved det på grunn av farisearane, så dei ikkje skulle verta utstøytte or synagoga.
44Men Jesus ropa ut: «Den som trur på meg, trur ikkje på meg, men på han som sende meg.
45Og den som ser meg, ser han som har sendt meg. 14,9
46Som ljos er eg komen til verda, så den som trur på meg, ikkje skal verta verande i mørkret. 8,12+
47Om nokon høyrer orda mine og ikkje tek vare på dei, så dømer ikkje eg han. For eg er ikkje komen for å døma verda, men for å frelsa verda. 3,17f
48Den som seier nei til meg og ikkje tek imot orda mine, han har ein domar over seg: Det ordet eg har tala, skal døma han på den siste dagen.
49For eg har ikkje tala ut frå meg sjølv; men Faderen som sende meg, han har gjeve meg påbod om kva eg skal seia og tala. 7,16+
50Og eg veit at det han vil med bodet sitt, er evig liv. Det eg talar, det talar eg så som Faderen har sagt meg.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.