2. Mosebok 12 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Herren skipar til påskehøgtida

1Herren tala til Moses og Aron medan dei var i Egypt, og sa:

2Denne månaden skal vera nyårsmånaden dykkar. De skal halda han for den fyrste månaden i året.

14Og sidan skal denne dagen vera ein minnedag for dykk. Då skal de halda helg og høgtid for Herren. Ei evig lov skal det vera for dykk å halda den dagen heilag i ætt etter ætt.

15Sju dagar skal de eta usyrt brød. Alt den fyrste dagen skal de få surdeigen ut or husa dykkar. Kvar den som et syrt brød mellom den fyrste og den sjuande dagen, skal rydjast ut or Israel.

24Dette skal de halda dykk etter. Det skal vera ei lov for deg og etterkomarane dine til evig tid.

25Når de så kjem inn i det landet Herren etter sin lovnad vil gje dykk, skal de halda denne høgtidsskikken ved lag.

26Og når borna dykkar spør kva dette er for ein skikk,

30Då fór farao opp om natta, han og alle mennene hans og alle egyptarane. Og det lydde eit fælt skrik i Egypt; for det fanst ikkje eit hus som det ikkje var lik i.

31Medan det endå var natt, sende farao bod etter Moses og Aron og sa: «Gjer dykk ferdige og far ut or riket mitt, både de og israelittane! Gå av og hald den gudstenesta som de har tala om!

37Så tok israelittane ut frå Ramses og fór til Sukkot. Dei var om lag 600 000 mann til fots, forutan kvinner og born. 4 Mos 1,46; 33,3.5

38Ein stor hop med allslags folk fylgde, og ei svær drift med småfe og storfe.

39Av deigen dei hadde med seg frå Egypt, baka dei kaker. Han var ikkje syrt, etter som dei vart jaga ut or Egypt og ikkje torde drya der lenger. Difor hadde dei heller ikkje laga seg niste.

40Israelittane hadde då butt i Egypt i 430 år. 1 Mos 15,13+

41Då dei 430 åra var på dagen lidne, tok alle Herrens hærar ut frå Egypt.

42Det var ei vakenatt for Herren då han førte dei ut or Egypt. Difor skal alle israelittar vaka for Herren den natta, i ætt etter ætt.

43Herren sa til Moses og Aron: «Dette er føresegna om påskelammet: Ingen utlending må eta av det.

44Kvar træl som er kjøpt for pengar, skal du fyrst omskjera; då kan han eta av det.

45Ingen framand eller leigekar må eta av det.

46Lammet skal etast i eitt hus. Du må ikkje ta noko av kjøtet ut or huset, og de skal ikkje bryta bein i det. 4 Mos 9,12; Joh 19,36

47Så skal heile Israels-lyden gjera.

48Men når ein innflyttar som bur hjå deg, vil halda påske for Herren, skal alle mennene hjå han omskjerast. Då kan han få vera med og halda høgtid. Han er jamgod med dei som er fødde og fostra i landet. Ingen som ikkje er omskoren, skal eta av det.

49Ei og same lov skal gjelda både for dei som er fødde i landet, og for innflyttarane som bur hjå dykk.»

50Såleis gjorde alle israelittane. Som Herren hadde sagt til Moses og Aron, så gjorde dei.

51Den same dagen førte Herren israelittane ut or Egypt, flokk etter flokk.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help