1. Krønikebok 26 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Portvaktarane

1Portvaktarane var òg inndelte i skift. Til Korah-sønene høyrde Mesjelemja, son til Kore, av Asaf-ætta.

17På austsida stod seks levittar, på nordsida fire kvar dag, på sørsida fire kvar dag og ved lagerhuset to og to.

18Ved den opne plassen i vest stod fire attmed vegen og to attmed sjølve plassen.

19Dette var skifta av portvaktarar, som var ætta frå Korah og Merari.

Tilsynsmenn og domarar

20Nokre av levittane, brørne til portvaktarane, hadde tilsyn med skattane i Guds hus og med dei gåvene som var vigde til Herren.

21Til Ladan-sønene, etterkomarane etter Gersjon-sønene gjennom Ladan, høyrde Jehiel-sønene; dei var hovdingar i ættgreinene åt Ladan.

22To av dei, Setam og Joel, bror hans, hadde tilsyn med skattane i Herrens hus.

23Andre høyrde Amram-, Jishar-, Hebron- og Ussiel-sønene til.

24Mellom dei var Sjubael, son til Gersjom, son til Moses; han var øvste tilsynsmannen over skattane.

25Frendane hans av Elieser-ætta var Rehabja, son til Elieser, hans son Jesaja, hans son Joram, hans son Sikri og hans son Sjelomot.

26Denne Sjelomot og brørne hans hadde tilsyn med skattane som var vigde til Herren, dei heilage gåvene som dei hadde gjeve, både kong David og ættehovdingane mellom tusenmannsførarane, hundremannsførarane og dei andre hærførarane.

27Av det hærfanget dei tok i krigen, hadde dei vigt noko, så Herrens hus kunne haldast i stand.

28Og alt det som Samuel, sjåaren, Saul, son til Kisj, Abner, son til Ner, og Joab, son til Seruja, hadde vigt – alle dei heilage gåvene hadde Sjelomot og brørne hans tilsyn med.

29Av Jishar-ætta vart Kenanja og sønene hans sette til å ta seg av dei verdslege gjeremåla i Israel; dei skulle vera tilsynsmenn og domarar.

30På vestsida av Jordan var Hasjabja og brørne hans av Hebron-ætta, eitt tusen sju hundre dugande menn, sette til å stå for alt som høyrde med til Herrens gjerning og kongens teneste i Israel.

31Til Hebron-ætta høyrde Jeria, som var hovding for ættene og ættgreinene åt Hebron-sønene. I det førtiande styringsåret åt David vart det røkt etter, og då synte det seg at det fanst dugande stridsmenn mellom dei i Jaser i Gilead.

32Frendane til Jeria, to tusen sju hundre dugande menn, var òg hovdingar for ættgreiner. Kong David sette dei over Rubens- og Gads-ætta og halve Manasse-ætta til å ta seg av alt det som skulle gjerast for Gud og kongen.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help