Salmane 28 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Klagerop og takk

1Av David.

Herre, eg ropar til deg, mitt berg.

Vend deg ikkje tagal frå meg!

Svarar du meg ikkje,

vert eg lik dei som har gått i grav.

2Høyr mi inderlege bøn,

når eg ropar til deg om hjelp,

når eg lyfter mine hender

mot Det høgheilage i ditt tempel.

3Riv meg ikkje bort med dei gudlause,

saman med dei som gjer urett.

Dei talar venleg med sin neste,

men hjarta deira er fullt av vondskap.

4Gjev dei att for det dei har gjort,

for deira vonde framferd!

Gjev dei lika for deira udåd,

lat dei få att for si gjerning!

5For dei aktar ikkje på Herrens verk,

på det han gjer med sine hender.

Gjev han må riva dei ned

og ikkje byggja dei opp att!

6Lova vere Herren,

for han har høyrt mi inderlege bøn!

7Herren er mitt vern og mitt skjold,

eg set mi lit til han.

Eg fekk hjelp, og mitt hjarta jublar;

eg takkar han med min song.

8Herren er styrke for sitt folk,

vern og frelse for den han har salva.

9Frels ditt folk og velsigna din eigedom!

Ver du deira hyrding

og ber dei til evig tid!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help