1Som hans medarbeidarar legg vi dykk på hjarta at de ikkje til unyttes må ta imot Guds nåde.
2For han seier:
I rette tid bønhøyrde eg deg,
på frelsesdagen hjelpte eg deg.
Sjå, no er den rette tid, no er frelsesdagen!
3Og vi vil ikkje gje menneske grunn til å støyta seg på noko, så tenesta ikkje skal verta spotta.
4I alt viser vi oss som Guds tenarar: med tolmod i trengsler, i naud og i angst,
11Vi har tala rett ut til dykk, korintarar, de har stort rom i hjarta vårt.
Eg vil bu og ferdast mellom dei;
eg vil vera deira Gud,
og dei skal vera mitt folk.
17Difor seier Herren:
Dra bort frå dei,
og skil dykk frå dei,
ikkje rør noko ureint!
Då vil eg ta imot dykk;
18eg vil vera ein far for dykk,
og de skal vera mine søner og døtrer,
seier Herren, Den Allmektige.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.