Ordtaka 28 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Fattig og rik

1Dei gudlause rømer om ingen er etter dei,

den rettferdige er trygg som ei ungløve.

2Eit land som gjer opprør, skifter ofte leiarar,

men ein klok mann kan styra lenge.

3Ein fattig mann som er hard med småkårsfolk,

liknar regnet som skyljer bort åkeren,

så det ikkje vert korn til brød.

4Den som går ifrå lova, rosar dei gudlause,

den som held lova, går til strid imot dei.

5Dei vonde skjønar ikkje kva som er rett,

men dei som søkjer Herren, skjønar alt.

6Betre å vera fattig og heil i si ferd

enn å vera rik og gå krokvegar.

7Den som held seg etter læra, er ein klok son;

den som held lag med drikkebrør,

fører skam over far sin.

8Den som aukar sin rikdom med renter og åger,

samlar til ein som har medynk med armingar.

9Når nokon vender øyra bort

og ikkje vil høyra på rettleiing,

då er jamvel bøna hans ein styggedom.

10Den som fører dei ærlege på vonde vegar,

han fell i si eiga grav,

men det gode går i arv til heidersmenn.

11Ein rikmann er vis i eigne augo,

ein fattig som har skjøn, ser kva som bur i han.

12Når dei rettferdige jublar,

er det herlegdom og glede;

når dei gudlause har framgang,

held folk seg borte.

13Den som løyner sine synder,

går det ikkje vel;

den som sannar si synd og vender seg frå henne,

han finn miskunn.

14Sæl er den som alltid ottast Gud,

men den som gjer seg hard, fell i ulukke.

15Som knurrande løve og grådig slagbjørn

er ein gudlaus hovding for eit fattig folk.

16Ein fyrste som ikkje har skjøn, grip gjerne til vald;

den som hatar urett vinning, får leva lenge.

17Ein mann som har gjort seg skuldig i drap,

han er på flukt mot grava,

og ingen må halda han att.

18Den som er heil i si ferd, vert berga,

men den som går krokvegar, fell i grava.

19Den som dyrkar si jord, får eta seg mett;

den som jagar etter fåfengd, får nøgda av armod.

20Ein trufast mann får rik velsigning,

men ingen slepp straff når han spring etter rikdom.

21Det er ille å gjera skil på folk,

ein kan gjera seg til brotsmann for ein brødbit.

22Den havesjuke har det annsamt med å vinna rikdom,

og han skjønar ikkje at han kjem til å lida naud.

23Den som refser ein mann, får sidan større takk

enn den som fer med smiger.

24Den som røvar frå far sin og mor si

og seier: «Det er ikkje synd,»

han er jamgod med drapsmenn.

25Den havesjuke valdar strid og trette,

den som lit på Herren, trivst.

26Den som lit på sitt eige vit, er ein dåre,

men den som ferdast med visdom, vert berga.

27Den som gjev til dei fattige, lid aldri naud,

men den som ikkje vil sjå nauda,

får mykje forbanning over seg.

28Når dei gudlause har framgang, held folk seg borte,

når dei går til grunne, får dei rettferdige makt.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help