1Sidan sa Akitofel til Absalom: «Lat meg få velja ut tolv tusen mann! Eg vil ta i veg og setja etter David i natt.
2Så kjem eg over han medan han er trøytt og motlaus, og set støkk i han. Då kjem alle mennene som er med han, til å røma, og eg kan drepa kongen medan han er åleine.
3Sidan fører eg heile hæren attende til deg som når ei brur vert ført til brudgomen sin. Det er då berre éin mann du vil ta livet av; folket elles får vera uskadt.»
4Dette rådet lika dei godt, både Absalom og alle dei eldste i Israel.
5Men så sa Absalom: «Send bod etter Husjai av Arak-ætta, så vi får høyra kva han òg har å seia.»
6Då Husjai kom, fortalde Absalom kva Akitofel hadde sagt, og spurde: «Skal vi gjera som han seier eller ikkje? Sei kva du meiner!»
7Husjai svara: «Det er ikkje noko godt råd Akitofel har gjeve denne gongen.»
8Og han heldt fram: «Du veit at far din og mennene hans er djerve stridsmenn, og at dei rasar som ei binne i skogen når ein har teke ungane frå henne. Far din er ein gamal krigar; han legg seg ikkje til ro saman med mennene sine om natta. David slepp unna Absalom
15Sidan sa Husjai til Sadok og Abjatar, prestane, kva Akitofel hadde talt Absalom og dei eldste i Israel til å gjera, og kva han sjølv hadde rådt dei til.
16Og han la til: «Skunda dykk og send bod til David! Gjev han melding om dette og sei at han ikkje må vera natta over ved vadestadene i øydemarka, men setja over elva! Elles er det ute både med kongen og alle dei som fylgjer han.»
17Jonatan og Akima'as heldt seg utmed Rogel-kjelda. Ei tenestjente kom ofte med bod til dei, og så bar dei bodet til kong David. For dei våga ikkje å gå inn i byen og visa seg der.
18Men denne gongen var det ein unggut som fekk auga på dei, og han sa det til Absalom. Då skunda dei seg av stad, begge to, og dei kom til Bakurim. Der gjekk dei inn på garden til ein mann som hadde ein brunn i tunet; og den steig dei nedi.
19Kona i huset tok eit teppe og breidde over brunnopninga. Ho strøydde korn oppå, så ingen kunne merka noko. 9,4; 19,31ff; 1 Kong 2,7
28Dei kom med sengeutstyr, skåler og kjerald, og dei hadde med seg kveite, bygg, mjøl, steikt korn, bauner, linser,
29honning, rjome, sauekjøt og ost av kumjølk. Det sette dei fram for David og folket som var med han. For dei tenkte at mennene hadde vorte både svoltne, trøytte og tyrste i øydemarka.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.