Lukas 20 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Jesu fullmakt(Matt 21,23–27; Mark 11,27–33)

1Ein dag då han lærte folket på tempelplassen og forkynte evangeliet, kom overprestane og dei skriftlærde saman med dei eldste

2og sa til han: «Sei oss: Kva rett har du til å gjera dette? Eller kven har gjeve deg fullmakt til det?»

Den steinen bygningsmennene vraka,

har vorte hjørnestein?

18Kvar den som fell mot denne steinen, skal skada seg. Men den som steinen fell på, skal verta knust.»

19Dei skriftlærde og overprestane ville gjerne leggja hand på han med det same, for dei skjøna at det var dei han sikta til med denne likninga. Men dei torde ikkje for folket.Er det rett å svara skatt til keisaren?(Matt 22,15–22; Mark 12,13–17)

20Sidan gjætte dei på han og sende ut folk som skulle lura på han. Dei skulle lata som dei var fromme menn og prøva å fanga han i ord, så dei kunne få gje han over til styremaktene og landshovdingen.

28«Meister, Moses har gjeve oss denne føresegna: Om ein gift mann døyr, og han ikkje har born, skal bror hans gifta seg med enkja og halda oppe ætta åt bror sin.

40Og ingen våga å spørja han meir.

Kven Messias er(Matt 22,41–46; Mark 12,35–37)

41Jesus spurde dei: «Korleis kan ein seia at Messias er Davids son?

42David seier då sjølv i Salmane:

Herren sa til min herre:

Set deg ved mi høgre hand

43til eg får lagt dine fiendar

til skammel for dine føter.

44Her kallar David Messias herre, korleis kan han då vera Davids son?»

Åtvaring mot dei skriftlærde(Mark 12,38–40)

45Medan heile folkemengda høyrde på, sa han til læresveinane:

46«Akta dykk for dei skriftlærde! Dei vil gjerne gå ikring i side kapper og likar at folk helsar dei på torget. Dei elskar å sitja fremst i synagogene og ha heidersplassane i gjestebod. Matt 23,1ff; Luk 11,43

47Dei slår under seg husa åt enkjer og held lange bøner for syn skuld. Dei skal få så mykje hardare dom.»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help