Dommarane 19 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Skjemdarverket i Gibea

1I den tida då dei endå ikkje hadde nokon konge i Israel, var det ein mann av Levi-ætta som heldt til lengst bortpå Efraims-fjella. Han tok seg ei fylgjekone frå Betlehem i Juda.

11Då dei kom bort imot Jebus, leid det langt på dag, og tenestguten sa til husbonden sin: «Kom, lat oss ta inn i jebusittbyen og vera der om natta!»

12Men husbonden svara: «Nei, vi vil ikkje ta inn i ein by der det berre bur framande og ikkje israelittar. Vi vil halda fram til Gibea.

22Best dei sat der og hygde seg, kom mennene i byen, gudlause folk som dei var, og kringsette huset. Dei dundra på døra og ropa til den gamle mannen som åtte huset: «Send han ut, den karen som har teke inn hjå deg, så vi kan få vår vilje med han!» 1 Sam 11,7

30Og alle som såg det, sa: «Slikt har aldri hendt og aldri vore spurt frå den dagen israelittane drog opp frå Egypt, og til no. Tenk etter, legg råd og sei kva de meiner!»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help