1Så hende det ein dag at Guds søner kom og steig fram for Herren; mellom dei var Satan òg.
5Men rett ut handa og rør ved beina og kjøtet hans, så skal du sanneleg sjå at han spottar deg beint opp i andletet.»
7Så gjekk Satan bort frå Herren, og han slo Job med vonde svullar frå hovud til hæl.
8Job tok eit krusbrot og skrapa seg med, der han sat bortpå avfallshaugen.
9Då sa kona hans til han: «Er du framleis like ulastande? Spotta heller Gud og døy!»
11Job hadde tre vener. Då dei fekk høyra om all den ulukka som hadde råka han, kom dei kvar frå sin heimstad: Elifas frå Teman, Bildad frå Sjuah og Sofar frå Na'ama. Dei vart samde om at dei skulle gå til Job og syna han medkjensle og trøysta han.
12Medan dei endå var eit stykke borte, fekk dei auga på han; men dei kjende han ikkje att. Då sette dei i og gret, reiv sund kappene sine og kasta støv opp i lufta, så det fall ned over hovudet på dei. 1,20; Klag 2,10
13Så sat dei hjå han der på jorda i sju dagar og sju netter. Og ingen sa eit ord til han; for dei såg at han leid fælt.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.