1Dette er Jesu Kristi openberring, som Gud gav han for at han skulle visa tenarane sine det som snart skal henda. Han sende engelen sin og kunngjorde det for tenaren sin, Johannes. Helsing
4Johannes helsar dei sju kyrkjelydane i provinsen Asia: Nåde vere med dykk og fred frå han som er og som var og som kjem, og frå dei sju åndene som står framfor hans kongsstol,
7Sjå, han kjem med skyene! Kvart auga skal sjå han, også dei som har gjennomstunge han, og alle folk på jorda skal gråta sårt over han. Ja, sanneleg, amen!
8Eg er Alfa og Omega, seier Gud Herren, han som er og som var og som kjem, Den Allmektige. Menneskesonen openberrar seg
9Eg, Johannes, som er bror dykkar, og har del med dykk i trengsla og riket og vona i Jesus, eg var på øya Patmos. Dit var eg komen på grunn av Guds ord og vitnemålet om Jesus.
10På Herrens dag kom Anden over meg, og eg høyrde ei sterk røyst bak meg, med klang som ein basun.
17Då eg såg han, fall eg ned for føtene hans som eg var død. Men han la høgre handa si på meg og sa:
Ver ikkje redd! Eg er den fyrste og den siste
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.