Salmane 33 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Lovsong til Herren, skaparen og styraren

1Rop av fryd for Herren,

de rettferdige!

Det sømer seg for dei ærlege

å syngja Herrens pris.

2Lovsyng han til lyre,

og spel på tistrengja harpe!

3Syng ein ny song for han,

spel fagert og rop av glede!

4For Herrens ord er sanning,

alt han gjer, kan ein lita på.

5Han elskar rett og rettferd,

jorda er full av hans miskunn.

6Ved Herrens ord vart himmelen skapt

og himmelhæren ved ein pust frå hans munn.

7Han samla havvatnet som i eit kar,

la havsens djup i opplagsrom.

8For Herren må heile verda ottast,

for han må dei skjelva,

alle som bur på jord.

9For han tala, og det skjedde,

han baud, og det stod der.

10Herren bryt dei planar folka legg,

hindrar dei i å fullføra sine tankar.

11Men Herrens plan står fast for evig,

hans hjartans tankar frå ætt til ætt.

12Sælt er det folk som har Herren til Gud,

det folk han har valt til sin eigedom!

13Frå himmelen skodar Herren ned

og ser kvart menneske.

14Frå sin tronstol held han auga

med alle som bur på jorda,

15– han som har laga kvar manns hjarta,

og merkjer seg alt det dei gjer.

16Stor makt gjev ingen konge siger,

stor styrke bergar ingen mann i krig.

17Hesten er ein svikefull hjelpar,

han bergar ingen med all si kraft.

18Men Herrens auga kviler på dei

som ottast han og ventar på hans miskunn,

19så han kan fria dei frå døden

og berga dei gjennom hungersnaud.

20Vi ventar med lengsle på Herren;

han er vår hjelp og vårt skjold.

21Vårt hjarta gleder seg i han;

for vi set vår lit til hans heilage namn.

22Lat di miskunn vera over oss, Herre!

Det er deg vi ventar på.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help