Sefanja 1 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

1Dette er Herrens ord som kom til Sefanja, son til Kusji, son til Gedalja, son til Amarja, son til Hiskia, på den tid då Josjia, son til Amon, var konge i Juda.Domen over Jerusalem

2Eg riv bort,

alt riv eg bort frå jorda,

lyder ordet frå Herren.

3Eg riv bort både folk og fe,

fuglen i lufta og fisken i sjøen.

Eg fører dei ugudelege til fall

og rydjar menneska ut av jorda,

lyder ordet frå Herren.

4Eg retter ut handa mot Juda,

mot alle som bur i Jerusalem.

Eg tek bort frå denne staden

alt som er att av Ba'al,

og namnet åt avgudsprestane

saman med prestane.

5Eg rydjar ut dei som tilbed

himmelhæren på taka,

dei som tilbed Herren og sver ved han,

men samstundes sver ved Milkom,

6og dei som har vendt Herren ryggen,

som ikkje søkjer Herren

og ikkje spør han til råds.

7Ver still for Herren Gud,

for Herrens dag er nær!

Herren har laga til ei offerslakting,

han har vigt sine gjester.

8På Herrens slaktofferdag skal det henda

at eg straffar hovdingar og kongssøner

og alle som kler seg i utanlandsk drakt.

9Den dagen vil eg straffa

alle dei som stig opp på pallen,

dei som fyller sin Herres hus med vald og svik.

10Den dagen, lyder ordet frå Herren,

skal det høyrast skrik frå Fiskeporten,

jammer frå Nybyen

og sterkt brak frå haugane.

11Hyl, de som bur i Morteren,

for heile kræmarfolket er gjort til inkjes,

utrudde er alle som vog opp sølv.

12På den tid skal det henda

at eg ransakar Jerusalem med ljos og lykt

og krev mennene der til rekneskap,

dei som sit stive over bermen av sin vin

og seier med seg sjølve:

«Herren gjer korkje godt eller vondt.»

13Eigedomen deira skal plyndrast

og husa deira øydeleggjast.

Byggjer dei hus, får dei ikkje bu i dei,

plantar dei vinhagar, får dei ikkje drikka vinen. Herrens dag er nær

14Nær er Herrens dag, den store;

han er nær og kjem med hast!

Høyr, beisk er Herrens dag,

då ropar krigaren høgt.

15Den dagen er ein vreidedag,

ein dag med naud og trengsle,

ein dag med storm og herjing,

ein dag med mørker og dimme,

ein dag med skyer og skodd,

16ein dag med hornlåt og hærrop

mot dei faste borger

og mot dei høge tårn.

17Då vil eg gjera folk så redde

at dei går ikring som blinde,

for dei har synda mot Herren.

Blodet deira skal kastast ut som avfall

og kjøtet deira som møk.

18Deira sølv og gull kan ikkje berga dei.

På sin vreidedag skal Herren

i sin brennhug øyda heile jorda.

For han gjer ende, ja brå ende

på alle som bur på jorda.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help