1Herren tok seg av Sara som han hadde sagt, og gjorde med henne det han hadde lova.
4Og han omskar Isak då han var åtte dagar, som Gud hadde sagt han føre.
14Morgonen etter tok Abraham brød og ei hit med vatn og gav det til Hagar. Han sette guten på ryggen hennar, og så sende han henne bort. Ho gav seg i veg, men villa seg bort i øydemarka ved Be'er-Sjeba.
15Då vatnet traut i hita, kasta ho barnet inn under ein busk.
16Og sjølv gjekk ho og sette seg om lag eit bogeskot lenger borte. For ho tenkte: «Eg kan ikkje sjå på at guten døyr.» Medan ho sat der, tok guten til å gråta.
17Gud høyrde at han gret. Då ropa Guds engel frå himmelen til Hagar og sa: «Kva er i vegen med deg, Hagar? Ver ikkje redd! For Gud har høyrt guten gråta der han ligg.
18Reis deg, ta han opp og hald han fast i handa! For eg vil gjera han til eit stort folk.»
19Så opna Gud augo hennar, og ho fekk sjå ein brunn. Ho gjekk og fylte hita med vatn og lét guten drikka.
20Og Gud var med guten. Han voks opp i øydemarka og vart bogeskyttar.
21Han budde i Paran-øydemarka, og mor hans fann ei kone til han frå Egypt.Abraham gjer pakt med Abimelek
22På den tid hende det at Abimelek og Pikol, hærføraren hans, sa til Abraham: «Gud er med deg i alt det du gjer.
32Då dei hadde gjort pakt i Be'er-Sjeba, tok Abimelek og Pikol, hærføraren hans, ut og fór heim att til Filistarlandet.
33Abraham planta ei tamariske i Be'er-Sjeba, og der kalla han på Herren, den evige Gud.
34Og Abraham heldt lenge til i Filistarlandet.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.