Job 4 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Kan eit menneske vera rettferdig for Gud?

1Då tok Elifas frå Teman til ords og sa:

2Om ein prøver å tala til deg, vert du motlaus.

Men kven kan teia til slikt?

3Sjølv har du rettleitt mange,

kraftlause hender har du styrkt.

4Dine ord reiste opp den som snåva,

du gav kraft til skjelvande kne.

5Men no, når det gjeld deg sjølv, er du motlaus,

når det råkar deg, er du redd.

6Set du ikkje lit til di gudsfrykt

og von til di ærlege ferd?

7Tenk etter!

Når miste ein skuldlaus livet,

kvar gjekk rettvise folk til grunne?

8Dei som pløyer ned vondskap og sår ulukke,

haustar det same, etter det eg har sett.

9Andar Gud på dei, går dei til grunne,

pustar han i vreide, vert dei borte.

10Løva brøler, og løveungen skrik,

men tennene på ungløva vert utslegne.

11Jamvel løva går til grunne

når ho ikkje finn rov,

og løveungane vert spreidde.

12Eit ord kom smygande til meg,

for øyra lét det som kviskring.

13Det kom då nattsyner gjorde meg uroleg,

medan folk låg i tung svevn.

14Eg vart så redd at eg skalv,

redsla gjekk meg til merg og bein.

15Ein pust strauk framom mitt andlet,

og håra reiste seg på mitt hovud.

16Ein skapnad stogga,

men eg såg ikkje klårt korleis han var.

Han stod beint framfor augo mine,

og eg høyrde ei roleg røyst som sa:

17Kan eit menneske vera rettferdig for Gud,

kan ein mann vera rein for sin skapar?

18Gud lit ikkje eingong på tenarane sine,

hjå englane finn han feil,

19kor mykje meir hjå dei som bur i leirhus

og berre har jord til grunnvoll,

dei som kan knasast lettare enn mòl.

20Før dagen er til ende, ligg dei knuste;

utan at nokon ansar det,

går dei til grunne for alltid.

21Deira teltsnor vert oppriven,

dei døyr, men har ikkje fått visdom.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help