1På den tid la kong Herodes hand på nokre av kyrkjelyden og fór hardt fram mot dei.
2Jakob, bror til Johannes, vart avretta med sverd.
18Då det tok til å dagast, vart det ikkje lite oppstyr mellom soldatane: Kvar hadde det vorte av Peter?
19Herodes leita etter han, men fann han ikkje. Så tok han vaktmennene i forhøyr og baud at dei skulle førast bort og avrettast. Med så gjort fór han frå Judea ned til Cæsarea og vart verande der.
20Herodes hadde lenge vore harm på folket i Tyrus og Sidon, og dei vart no samde om å venda seg til han. Då dei hadde vunne Blastus for seg, kammerherren åt kongen, bad dei om fred; for dei fekk det dei trong frå land som høyrde kongen til.
24Men Guds ord hadde framgang og breidde seg vide ikring.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.