Salmane 38 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Bøn i sjukdom og naud

1Ein Davids-salme. Til påminning.

2Herre, refs meg ikkje i din vreide,

og tukt meg ikkje i din harme!

3For dine piler har råka meg,

di hand ligg tungt på meg.

4Fordi du straffar i din harme,

er ingenting friskt i min kropp;

mine lemer er sjuke fordi eg har synda.

5Mi syndeskuld stig meg over hovudet,

ho er som ei bør, for tung for meg.

6Eg har sår som luktar og renn av verk,

fordi eg var så uvitug.

7Eg er kroket, ja, heilt nedbøygd,

og går og syrgjer dagen lang.

8Mine hofter er fulle av verk,

ingenting er friskt i min kropp.

9Eg er heilt kraftlaus og knekt;

eg skrik fordi mitt sinn er i opprør.

10Herre, du ser kva eg lengtar etter,

mitt sukk er ikkje løynt for deg.

11Mitt hjarta hamrar, krafta sviktar,

jamvel ljoset i augo er borte.

12Mine vener og frendar

snur seg bort frå mi plage,

mine næraste held seg langt unna.

13Dei som står meg etter livet,

set snarer for meg;

dei som vil meg vondt,

talar om å tyna meg

og tenkjer dagen lang på svik.

14Men eg er som ein døv, eg høyrer ikkje,

lik ein mållaus som ikkje opnar sin munn.

15Eg liknar ein mann som ikkje høyrer

og ikkje har svar i sin munn.

16Herre, til deg står mi von.

Du vil svara meg, Herre, min Gud.

17Eg tenkjer: Lat dei ikkje triumfera over meg,

og ikkje briska seg når foten min er ustø.

18For eg held på å falla,

mi plage står alltid for meg.

19Men eg sannar mi misgjerning

og syrgjer over mi synd.

20Mine fiendar er fulle av liv og kraft;

mange er dei som hatar meg utan grunn.

21Dei som løner godt med vondt, står meg imot,

fordi eg jagar etter det gode.

22Forlat meg ikkje, Herre!

Min Gud, ver ikkje langt borte frå meg!

23Skunda deg og hjelp meg,

Herre, du som er min frelsar!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help