Dommarane 10 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Domarane Tola og Ja'ir

1Etter Abimelek stod Tola fram og berga Israel. Han var son til Pua Dodoson av Jissakars-ætta, og budde i Sjamir på Efraims-fjellet.

2Han var domar i Israel i tjuetre år. Så døydde han og vart gravlagd i Sjamir.

3Etter han stod Ja'ir frå Gilead fram. Han var domar i Israel i tjueto år.

4Han hadde tretti søner; dei reid på tretti esel og åtte tretti teltbyar som enno i dag vert kalla Ja'irs teltbyar. Dei ligg i Gilead-landet.

15Då sa israelittane til Herren: «Vi har synda. Gjer med oss som du synest, berre du vil hjelpa oss denne gongen!» 1 Sam 12,10

16Så skilde dei seg av med dei framande gudane og tente Herren. Då heldt han ikkje ut å sjå på Israels naud. 1 Mos 35,2.4; Jos 24,23; 1 Sam 7,4

17Ammonittane samla seg til strid og slo leir i Gilead. Israelittane fylka seg og slo leir i Mispa.

18Då sa folket og hovdingane i Gilead til kvarandre: «Kvar er den mannen som vil gå fyrst i striden mot ammonittane? Han skal vera hovding over alle som bur i Gilead.»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help