Ordtaka 23 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

1Når du sit til bords med ein mektig mann,

så merk deg vel kva du har framføre deg,

2og set ein kniv på strupen din

om mathugen er for stor.

3Ha ikkje lyst på hans velsmakande retter,

for det kan vera svikefull kost.

4Streva ikkje etter å verta rik

når du då må gje opp ditt gode skjøn.

5Når du ser etter rikdomen, er han borte;

brått har han fått seg venger

og flyg til vers som ei ørn.

6Et ikkje brød hjå den som misunner,

ha ikkje lyst på hans velsmakande retter!

7For han er ein mann med baktankar.

Han seier nok til deg: «Et og drikk,»

men hjarta hans er ikkje med deg.

8Den beten du har ete, må du kasta opp att,

dine venlege ord er spilt møde.

9Du skal ikkje tala til ein dåre,

for han vanvørder dine kloke ord.

10Flytt ikkje gamle merkesteinar,

og treng ikkje inn på jorda åt farlause!

11For deira løysingsmann er sterk,

han skal føra saka dei har med deg.

12Ver viljug til å høyra på formaning,

og lyd på kloke ord!

13Lat ikkje guten vera utan tukt!

Gjev du han ris, skal han ikkje døy.

14For når du slår han med riset,

bergar du han frå dødsriket.

15Son min, har du visdom i hjarta,

vert eg òg inderleg glad.

16Det jublar inni meg

når du talar det som er rett.

17Ver ikkje arg på syndarar,

men streva alltid etter gudsfrykt!

18Gjer du det, har du ei framtid,

og di von er ikkje ute.

19Høyr no, son min, og vert vis,

styr dine tankar den rette vegen!

20Ver ikkje med mellom vindrikkarar,

mellom dei som fyller buken med kjøt.

21For den som et og drikk, vert fattig,

og rusen kler folk i filler.

22Høyr på far din, som gav deg livet,

og vanvørd ikkje di gamle mor!

23Kjøp sanning og sel henne ikkje,

kjøp visdom og tukt og vit!

24Far til den rettferdige kan sanneleg jubla,

den som får ein klok son, vert glad.

25Ver til glede for far din og mor di,

lat ho som fødde deg, fegnast.

26Son min, gjev meg hjarta ditt,

bruk augo og akta på mine vegar!

27Ei skjøkje er som ei djup grav,

ei framand kvinne som ein trong brunn.

28Ja, ho ligg på lur som ein røvar,

og aukar talet på trulause menn.

29Kven ropar akk, og kven ropar ve,

kven har strid, og kven må klaga?

Kven har utan grunn fått sår,

og kven har sløve augo?

30Jau, dei som sit lenge oppe og drikk,

dei som kjem og vil smaka på kryddevinen.

31Sjå ikkje på vinen, kor raud han er,

kor fint han blenkjer i staupet,

og kor lett han renn ned.

32Sistpå bit han som ein slange

og høgg som ein hoggorm.

33Då ser augo dine underlege ting,

og du talar tull og tøv.

34Det er som låg du midt utpå havet,

eller klengde deg til mastetoppen.

35«Dei slo meg, men det gjorde ikkje vondt;

dei banka meg, men eg kjende det ikkje.

Når skal eg vakna or rusen?

Då vil eg få tak i meir vin.»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help