1. Mosebok 38 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Juda og Tamar

1På den tid drog Juda bort frå brørne sine og slo seg ned hjå ein mann i Adullam som heitte Hira.

2Der fekk Juda sjå dotter til ein kanaanear som heitte Sjua. Han tok henne til kone og levde saman med henne.

3Ho vart med barn og fekk ein son, som ho kalla Er.

6Juda tok ei kone til Er, eldste son sin. Ho heitte Tamar.

7Men Herren tykte ille om Er, eldste son til Juda, og laga det så at han døydde.

8Då sa Juda til Onan: «Ta enkja etter bror din heim til deg og gift deg med henne, så du held oppe ætta åt bror din!»

19Ho stod opp og gjekk sin veg. Så la ho av seg sløret og tok på seg enkjebunaden.

20Juda sende kjeet med venen sin frå Adullam og bad han få att pantet av kvinna. Men han fann henne ikkje.

21Då spurde han folket der på staden: «Kvar er tempelskjøkja i Enajim, ho som sat attmed vegen?» Dei svara: «Det har ikkje vore noka skjøkje her.»

22Så gjekk han attende til Juda og sa: «Eg fann henne ikkje, og folket på staden sa til og med at det ikkje hadde vore noka skjøkje der.»

23Då sa Juda: «Lat henne berre ha pantet, så vi ikkje får skam av dette! Eg har då sendt kjeet, men du fann henne ikkje.»

24Om lag tre månader etter kom dei og sa til Juda: «Tamar, sonekona di, har drive hor og er med barn.» Då sa Juda: «Før henne ut, ho skal brennast!»

25Men då dei førte henne ut, sende ho bod til verfar sin: «Den mannen som eig desse tinga, han er far til barnet mitt. Sjå etter kven det er som eig denne seglringen og snora og staven!» sa ho.

26Då Juda hadde sett på det, sa han: «Ho er i sin gode rett mot meg, for eg har ikkje late henne få Sjela, son min.» Og han låg ikkje med henne meir.

27Då det så leid til at ho skulle føda, synte det seg at det var tvillingar i livet hennar.

30Så kom broren, han som hadde den raude tråden kring handa. Han kalla dei Serah.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help