Hosea 10 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Israel skal tuktast for si doble skuld

1Israel var eit frodig vintre,

som bar mykje frukt.

Di meir frukt det bar,

di fleire altar bygde dei.

Di betre det gjekk deira land,

di fagrare steinstøtter laga dei.

2Hjarta deira er falskt,

no skal dei få bøta.

Herren skal bryta ned deira altar

og øydeleggja deira steinstøtter.

3Ja, no må dei seia:

«Vi har ingen konge,

for vi har ikkje hatt age for Herren.

Og kongen, kva kan han gjera for oss?»

4Dei har tala tome ord,

svore falskt og gjort pakt.

Domen renn opp som giftige planter

i åkerfòrene.

5Dei som bur i Samaria,

er redde for kalven i Bet-Aven.

Folket syrgjer over han,

og prestane hans klagar,

for hans herlegdom er ført bort frå dei.

6Kalven òg skal førast til Assyria

som ei gåve til storkongen.

Skam skal Efraim få,

Israel skal verta til skammar

på grunn av sine planar.

7Kongen i Samaria skal kverva

som ei treflis på vatnet.

8Øydast skal Avens offerhaugar,

der israelittane synda.

Torn og tistel skal veksa

oppetter altara deira.

Dei skal seia til fjella: Gøym oss!

og til haugane: Fall over oss!

9Du har synda, Israel, frå Gibeas dagar.

Den gongen gjorde dei opprør.

Skal då ikkje krigen nå dei i Gibea?

Eg vil koma over ugjerningsmennene,

10etter min hug vil eg tukta dei.

Folkeslag skal samla seg mot dei

når dei vert tukta for si doble skuld.

11Efraim var lik ei tamd kvige

som gjerne ville treskja.

Men eg la åk på hennar fagre hals.

Eg spente Efraim føre,

Juda pløgde, og Jakob horva.

12Så rettferds sæde,

og hausta truskaps frukt,

bryt dykk nybrot!

For no er det tid til å søkja Herren,

før han kjem

og lèt rettferd regna over dykk.

13De har pløgt ned vondskap og hausta urett,

og den frukta de et, er lygn.

For du sette lit til di ferd

og til alle dine krigarar.

14Difor skal det reisa seg

stridsgny i ditt folk,

og alle dine borger skal øydeleggjast,

liksom Sjalman øydela Bet-Arbel

på stridens dag, då mor og born vart knuste.

15Såleis vil eg gjera med dykk i Betel

fordi dykkar vondskap er stor.

Når det ljosnar av dag,

er det ute, ja ute med Israels konge.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help