1No'omi hadde ein kjenning som var i slekt med mannen hennar. Han heitte Boas og var ein velståande mann av Elimelek-ætta.
2Ein dag sa Rut, moabittkvinna, til No'omi: «Lat meg få gå ut på åkeren og sanka aks etter einkvan som gjev meg lov til det!» Ho svara: «Ja, gå du, dotter mi!»
5Boas spurde den tenaren som hadde tilsyn med skurdfolket: «Kven høyrer ho til, den jenta?»
6Og tenaren som hadde tilsyn med skurdfolket, svara: «Det er den unge moabittkvinna som fylgde med No'omi hit frå Moab.
7Ho spurde om ho kunne få plukka og henta i hop dei aksa som ligg att mellom kornbanda etter skurdfolket. Ho kom i dag tidleg og har stått her heilt til no; berre ei lita stund har ho vore inne og kvilt.»
8Då sa Boas til Rut: «Høyr, dotter mi! Du skal ikkje gå av stad og sanka aks på nokon annan åker. Gå ikkje herifrå, men hald deg til tenestjentene mine!
9Sjå etter kvar skurdfolket arbeider på åkeren, og fylg etter dei! Eg har sagt frå til karane at dei ikkje skal røra deg. Og vert du tyrst, så gå bort til krukkene og drikk av vatnet som dei auser opp!»
10Då kasta ho seg ned, bøygde seg til jorda og sa til han: «Korleis kan du ha slik godvilje for meg og ta deg så venleg av meg, endå eg er framand?»
11Boas svara: «Dei har fortalt meg alt det du har gjort mot vermor di etter at mannen din døydde. Du skildest frå far din og mor di og fedrelandet ditt og fór til eit folk som du ikkje kjende før.
12Herren løne deg for det du har gjort! Gjev du må få fullt vederlag av Herren, Israels Gud, han som du no er komen til for å finna livd under vengene hans.»
15Då ho reiste seg og ville sanka, sa Boas til karane: «Lat henne berre sanka mellom kornbanda òg! Gjer henne ikkje noko vondt!
16Ja, de skal dra aks ut or banda og la dei liggja, så ho kan plukka dei opp. Ingen må skjenna på henne.»
17Så sanka Rut aks på åkeren heilt til kvelds. Og då ho banka utor det ho hadde plukka, vart det om lag ein efa bygg.
18Ho tok kornet og gjekk til byen, og vermor hennar fekk sjå det ho hadde sanka. Så tok Rut fram det som var att då ho hadde ete seg mett, og gav henne det.
19Då sa vermora til henne: «Kvar har du sanka i dag, og kvar har du arbeidt? Velsigna vere han som har teke seg så venleg av deg!» Så fortalde ho vermor si kven ho hadde arbeidt hjå. Ho sa: «Den mannen som eg har arbeidt hjå i dag, heiter Boas.»
20Då sa No'omi til sonekona si: «Velsigna vere han av Herren, som ikkje har teke si miskunn bort, korkje frå dei levande eller dei døde!» Og ho la til: «Den mannen er i slekt med oss; han er ein av løysingsmennene våre.»
21Og Rut, moabittkvinna, heldt fram: «Han sa òg at eg skulle halda lag med folka hans til dei var ferdige med heile skurden.»
22Då sa No'omi til Rut, sonekona si: «Det er godt, dotter mi, at du fylgjest med jentene hans. På ein annan åker kunne dei snart ha gjort deg eitkvart vondt.»
23Så heldt ho lag med jentene åt Boas og sanka aks til både byggskurden og kveiteskurden var ende. Men ho budde hjå vermor si.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.