1. Korintar 9 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Dei rettane som apostlane har

1Er eg ikkje fri? Er eg ikkje apostel? Har eg ikkje sett Jesus, vår Herre? Er ikkje de mitt verk i Herren?

15Men eg har ikkje nytta nokon av desse rettane. Eg skriv heller ikkje no for å gjera krav på dei. Eg ville heller døy enn at nokon skulle ta frå meg dette som eg er byrg av.

16For om eg forkynner evangeliet, så er ikkje det noko å rosa seg av; det er eg nøydd til å gjera. Ve meg, om eg ikkje forkynner evangeliet! Jer 20,9; Luk 17,10

17Gjer eg det friviljug, då har eg krav på løn. Men gjer eg det fordi eg må, då er det ein hushaldars oppgåve som er meg pålagd. 4,1

18Kva er så mi løn? Jau, at eg forkynner evangeliet for inkje og ikkje nyttar dei rettar evangeliet gjev meg.

19Endå eg er fri og ikkje træl for nokon, har eg gjort meg til træl for alle for å vinna så mange som råd. Matt 20,26f

20For jødane har eg vore som ein jøde, så eg kan vinna jødar. For dei som er under lova, har eg vore som ein som er under lova, så eg kan vinna dei, endå eg sjølv ikkje er under lova. Apg 16,3; 21,20ff

21For dei som er utan lov, har eg vore som ein som er utan lov, så eg kan vinna dei, endå eg ikkje er utan lov for Gud, men bunden av Kristi lov.

22For dei veike har eg vorte veik, så eg kan vinna dei veike. For alle har eg vorte alt, så eg i det minste kan frelsa nokre. 2 Kor 11,29

23Men alt gjer eg for evangeliet skuld, så eg kan få del i det.

24Veit de ikkje at på idrettsbanen er alle med og tevlar, men berre ein får sigersprisen. Spring då slik at de vinn prisen! Fil 3,14

25Ein idrettsmann må nekta seg alt. Han gjer det for å vinna ein forgjengeleg krans, men vi ein uforgjengeleg. 2 Tim 2,5; 4,7f; Jak 1,12; 1 Pet 5,4; Op 2,10; 3,11

26Så spring eg ikkje utan mål; eg fektar ikkje som den som slår i lause lufta.

27Men eg er hard med meg sjølv og tvingar kroppen min, så ikkje eg, som har forkynt for andre, sjølv skal verta funnen uverdig.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help