1Skriv til engelen for kyrkjelyden i Efesos:
Dette seier han som held dei sju stjernene i si høgre hand, han som går omkring mellom dei sju gull-ljosestakane:
7Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane! Den som sigrar, han vil eg la eta av livsens tre, som er i Guds paradis.Til Smyrna
8Skriv til engelen for kyrkjelyden i Smyrna:
Dette seier den fyrste og den siste, han som var død og har vorte levande:
11Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane! Den som sigrar, skal ikkje skadast av den andre døden.Til Pergamon
12Skriv til engelen for kyrkjelyden i Pergamon:
Dette seier han som har det kvasse tvieggja sverdet:
14Men noko har eg imot deg: Du har nokre hjå deg som held seg til Bileams lære, han som lærte Balak korleis israelittane skulle lokkast til synd, så dei åt avgudsoffer og dreiv hor.
17Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane! Den som sigrar, han vil eg gje av den løynde manna. Og eg vil gje han ein kvit stein, med eit nytt namn rita inn, eit namn som ingen kjenner utan den som får steinen.Til Tyatira
18Skriv til engelen for kyrkjelyden i Tyatira:
Dette seier Guds Son, han som har augo som logande eld og føter som bronse:
20Men det har eg imot deg at du lèt kvinna Jesabel halda på, ho som kallar seg profet, men som med læra si lokkar tenarane mine til å driva hor og eta avgudsoffer.
26Den som sigrar og til det siste held fast på dei gjerningar eg vil de skal gjera, han skal eg gje makt over folkeslaga.
29Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.