2. Kongebok 6 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Elisja bergar ei øks

1Ein dag sa profetsveinane til Elisja: «Det romet vi held til i her hjå deg, er for trongt for oss.

2Lat oss få gå ned til Jordan og henta kvar sin stokk, og så lagar vi oss eit rom som vi kan vera i.» «Gjer det!» svara Elisja.

3Ein av dei sa: «Gjer vel og gå med oss, herre.» Han svara: «Det skal eg.»

4Så gjekk han med dei, og då dei kom til Jordan, tok dei til å fella tre.

5Men best som ein av dei heldt på å hogga treet sitt, datt øksa i vatnet. Då ropa han: «Ai, ai, herre! Og eg som hadde lånt henne!»

6«Kvar datt ho?» spurde gudsmannen. Han viste han staden. Då hogg Elisja av ei grein og kasta ned i vatnet. Såleis fekk han øksa til å flotna.

7«Ta henne opp!» sa han. Og mannen rette ut handa og tok øksa.

Herren vildrar synet på aramearane

8Ein gong medan aramearkongen låg i krig med Israel, samdest han med mennene sine om at dei skulle slå leir på den og den staden.

9Då sende gudsmannen bod til Israels-kongen og sa: «Ta deg i vare, så du ikkje fer framom den staden; for aramearane har gått dit ned.»

10Så sende Israels-kongen folk til den staden som gudsmannen hadde nemnt og åtvara han mot; og han akta seg der. Såleis gjekk det både ein og fleire gonger.

11Aramearkongen vart oppøst over dette. Han kalla saman mennene sine og sa til dei: «Kan de ikkje seia meg kven det er av våre folk som held med Israels-kongen?»

12Ein av mennene svara: «Det er ingen av oss, herre konge. Men Elisja, profeten i Israel, lèt Israels-kongen få vita kva du seier i soveromet ditt.»

13Då sa kongen: «Gå av stad og finn ut kvar han er, så skal eg senda folk og henta han.» Dei kom att og sa frå at profeten var i Dotan.

14Dit sende så kongen ein stor hær med hestar og vogner. Dei kom fram om natta og kringsette byen.

15Tidleg andre morgonen, då tenaren åt gudsmannen stod opp og gjekk ut, fekk han auga på ein hær med hestar og vogner som låg rundt byen. «Å, herre, kva skal vi no gjera?» sa guten til Elisja.

16Han svara: «Ver ikkje redd! Det er fleire med oss enn med dei.»

18Då aramearane kom ned mot Elisja, bad han til Herren: «Vildra synet på dette folket!» Herren gjorde som Elisja bad, og vildra synet deira.

22Men han svara: «Nei, det skal du ikkje. Du høgg då ikkje eingong ned dei som du tek til fange med sverd eller boge. Set fram for dei brød og vatn, så dei kan eta og drikka og sidan fara attende til herren sin.»

30Då kongen høyrde det kvinna fortalde, reiv han sund kleda sine der han gjekk att og fram oppå muren. Og folket såg at han hadde botsklede inst på kroppen. 1 Kong 21,27

31«Gud la det gå meg ille både no og sidan,» sa han, «om hovudet får sitja på Elisja Sjafatsson dagen ut!»

32Imedan sat Elisja heime i huset sitt, og dei eldste var hjå han. Då sende kongen ein mann dit føre seg. Men før mannen kom fram, sa Elisja til dei eldste: «Veit de at denne mordarsonen har sendt ein mann hit som skal hogga hovudet av meg? Når han kjem, må de stengja døra og halda han ute. Eg høyrer alt lyden av kongens fotsteg bak han.» 1 Kong 19,10.14; 21,19

33Medan Elisja endå tala med dei, kom kongen til han. Han sa: «Sjå, denne ulukka kjem frå Herren. Kvifor skal eg då venta på Herren lenger?»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help