Esra 4 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Fiendane stansar arbeidet på templet

1Judas og Benjamins motstandarar fekk høyra at dei som var komne heim or fangenskapet, heldt på å byggja eit tempel åt Herren, Israels Gud.

2Då gjekk dei til Serubabel og ættehovdingane og sa: «Lat oss få vera med dykk og byggja! Vi tilbed då den same Gud som de, og vi har ofra til han heilt sidan assyrarkongen Asarhaddon førte oss hit.»

3Men Serubabel, Josva og dei andre ættehovdingane i Israel svara: «Nei, de har ikkje noko med å byggja templet for vår Gud saman med oss. Vi vil vera åleine om å byggja hus for Herren, Israels Gud, så som persarkongen Kyros har gjeve oss påbod om.»

4Folket i landet gjorde då judearane motlause og skræmde dei bort frå arbeidet.

5Så lenge Kyros var konge i Persia, og sidan heilt til Dareios fekk makta i landet, betalte dei nokre kongelege rådgjevarar for at dei skulle hindra Juda-folket i å gjennomføra planane sine.

6Då Xerxes var konge, i fyrstninga av hans styringstid, skreiv folket i landet eit brev og klaga på innbyggjarane i Judea og Jerusalem.

7Medan Artaxerxes rådde i Persia, skreiv Bisjlam, Mitredat, Tabe'el og embetsbrørne deira til kongen. Brevet var skrive med arameisk skrift og omsett til arameisk språk.

8Rådsherren Rehum og skrivaren Sjimsjai skreiv eit brev til kong Artaxerxes mot Jerusalem.

9Forutan rådsherren Rehum og skrivaren Sjimsjai var desse med på brevet: dei andre embetsbrørne deira, domarane, sendemennene, dei persiske embetsmennene, mennene frå Uruk og Babylon og elamittane frå Susa,

10og dei andre som den store og namngjetne Assurbanipal hadde ført bort og late busetja seg i Samaria-byen og elles i provinsen vestanfor Eufrat.

11Dette er ei avskrift av brevet som dei sende til han:

Til kong Artaxerxes, frå tenarane dine, mennene i provinsen vestanfor Eufrat.

12Kongen skal vita at dei jødane som fór bort frå deg, er komne hit til oss i Jerusalem. Dei byggjer opp att denne vonde og opprørske byen, set murane i stand og vøler grunnvollane.

13No skal kongen vita at dersom denne byen vert oppattbygd og murane sette i stand, då kjem folket der korkje til å svara skattar eller avgifter i varer og pengar, og det vil med tida verta til skade for kongane.

14Etter som vi står i kongens teneste, vil vi ikkje roleg sjå på at kongen lid skade. Difor sender vi melding om dette til kongen,

15så du kan få røkt etter i årbøkene åt fedrane dine. Der vil du finna og sjå at dette er ein opprørsk by som har vore til skade for kongane og provinsane, og at folket der har gjort oppreist frå gamal tid. Difor vart denne byen øydelagd.

16Kongen skal vita at dersom byen vert oppattbygd og murane sette i stand, då kjem du til å missa provinsen vestanfor Eufrat.

17Kongen sende dette svaret:

Til rådsherren Rehum, skrivaren Sjimsjai og dei andre embetsbrørne deira som bur i Samaria og elles i provinsen vestanfor Eufrat.

Ver helsa!

18Brevet som de sende oss, har eg fått omsett og opplese.

19Eg sette folk til å granska etter, og dei fann at denne byen frå gamal tid har sett seg opp mot kongane. Det har vore uro og opprør der.

20Kongane i Jerusalem var mektige; dei rådde over alt landet vestanfor Eufrat og tok inn skattar og avgifter i varer og pengar. 1 Kong 4,21

21Sei no frå at desse mennene skal hindrast i arbeidet sitt, så byen ikkje vert oppattbygd før det kjem påbod om det frå meg.

22Men gå varsamt fram, så de ikkje gjer noko mistak. Elles kunne det verta til endå større skade og tap for kongane.

23Så snart avskrifta av brevet frå kong Artaxerxes hadde vorte lesen for Rehum, skrivaren Sjimsjai og embetsbrørne deira, skunda dei seg av stad til jødane i Jerusalem og hindra dei med vald og makt.

24Då stansa arbeidet på Guds hus i Jerusalem, og det låg nede til året etter at Dareios hadde vorte konge i Persia.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help